Natallja Mikhnevitsj Innhaldsliste Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1982Kviterussiske friidrettsutøvarar


kviterussiskfriidrettsutøvarNevinnomysskAndrej MikhnevitsjBydgoszczIzmirMoskvaPadovaValerie Vili




















Natallja Mikhnevitsj

Verkeleg namn Наталля Валер'еўна Міхневіч
Fødd
25. mai 1982
Nevinnomyssk
Yrke
friidrettsutøvar

Natallja Valerjevna Mikhnevitsj (fødd Kharaneka, 25. mai 1982) er ein kviterussisk friidrettsutøvar, fødd i Nevinnomyssk i dagens Russland. Ho vann EM-gull 2006, OL-sølv 2008 og EM-sølv 2010 i kulestøyt. Sidan 2007 er ho gift med kulestøytaren Andrej Mikhnevitsj.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Doping


    • 1.2 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Kjelder





Aktiv |


Natallja Kharaneka vann i 2003 kulestøyt i U23-EM i polske Bydgoszcz med 17,66 meter. Ho deltok i Sommar-OL 2004 der hennar 18,96 m heldt til ein femteplass. Året etter vart ho nummer åtte under VM i Helsinki. To veker etterpå vann ho kulestøyt-tevlinga ved universiaden i Izmir med 18,86 m.


Hennar fyrste store triumf kom i friidretts-VM innandørs 2006, då kula i Moskva landa på 19,84 m. Før siste omgangen i kulestøyt-tevlinga under europameisterskapen 2006 i Göteborg leia landskvinna Nadzeja Astapsjuk med 19,42 m. I sitt siste forsøk presterte Kharaneka 19,43 m og gullmedaljen var hennar. Kort etter EM støytte ho i Padova 20,17 m og passerte 20-metersgrensa for fyrste gong.


I 2007 gifta Kharaneka seg med Andrej Mikhnevitsj og fekk barn. Sommaren 2008 støytte ho i Grodno heile 20,70 m, hennar livs lengste kulestøyt. Under sommarleikane 2008 i Beijing tok ho sølvmedaljen etter å ha nådd 20,28 m, einast newzealandske Valerie Vili støytte lengre. Også i Barcelona-EM i 2010 fekk Mikhnevitsj sølv, klart slått av Astapsjuk, som såleis fekk revansj for finaletapet i førre EM.



Doping |


Mikhnevitsj vart i april 2013 utestengd frå friidrett i to år, grunna bruk av det forbodne middelet stanozolol.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • OL 2004 i Aten: Nr 5 – 18,96 m


  • VM i 2005 i Helsinki: Nr 6 – 18,34 m


  • EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 19,43 m, framom Nadzeja Astapsjuk (19,42 m)


  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 20,28 m, bakom Valerie Vili (20,56 m)


  • VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 19,66 m


  • EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 19,53 m, bakom Nadzeja Astapsjuk (20,48 m)


  • VM 2011 i Daegu: Nr 11 – 18,47 m


  • OL 2012 i London: Nr 11 – 18,42 m


  • VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 18,24 m



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Natallja Michnewitsch» frå Wikipedia på tysk, den 22. juli 2016.

  • Denne artikkelen bygger på «Natallia Mikhnevich» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2016.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...