Linda Namneberarar | Kjelder | Navigasjonsmeny
KvinnenamnKortnamnNamn knytte til eigenskapar
kvinnenamnLinnslektsnamn13. mai20. juniLindsay
Linda Lingle, guvernør for Hawaii.
Linda er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det kan koma frå det spanske linda, som tyder 'vakker', eller frå namn som sluttar på -linda, eit germansk namneledd som tyder 'mjuk' eller 'bøyeleg' (sjå Linn). Linda kan også vera eit slektsnamn.
Namnet var mykje brukt for norske jenter fødde frå 1970- til 1990-talet.
Linda har namnedag den 13. mai i Noreg og den 20. juni i Sverige.
Namnet kan også skrivast Lynda. Lindis er ein variant av namnet. Lindsay kan også knytast til Linda.
Namneberarar |
Linda Tjørhom (seinare Grubben) i 2006.
Foto: Bjarte Hetland
Linda Darnell (1923–1965), USA-amerikansk filmskodespelar
Linda McCartney (1941–1998), USA-amerikansk fotograf og musikar, gift med Paul McCartney
Linda Fiorentino (f. 1960), USA-amerikansk skodespelar
Linda de Mol (f. 1964), opphavleg Margaretha de Mol, nederlandsk skodespelar og mediekvinne
Linda Evangelista (f. 1965), kanadisk modell
Linda Medalen (f. 1965), norsk fotballspelar
Linda Brava (f. 1970), opphavleg Linda Lampenius, finsk felespelar
Linda Grubben (f. 1979), norsk skiskyttar
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Linda» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2009.