Trude Klecker Aktiv | Kjelder | NavigasjonsmenyTrude Klecker


EinskildkvinnerFødde i 1926Austerrikske alpinistarVerdsmeistrar i alpine greinerAusterrikske deltakarar under vinter-OL 1952Alpinistar under vinter-OL 1952Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1956Alpinistar under vinter-OL 1956


austerrikskSemmeringNiederösterreichvinterleikane 1952OsloOppdalVM i alpine greiner 1954ÅreIda SchöpferSveitsVinter-OL 1956Cortina d'Ampezzo
















Trude Klecker

Fødd
7. februar 1926
Semmering
Yrke
alpinist

Trude Klecker (fødd 7. februar 1926) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Semmering i Niederösterreich som vart verdsmeister i slalåm i 1954.



Aktiv |


Klecker vart nummer fire i storslalåm under vinterleikane 1952 i Oslo. Året etter var ho den beste kvinnelege alpinisten i Austerrike, vann alle tre tevlingane i Hahnenkamm-renna og alle dei fire øvingane i den austerrikske meisterskapen.


Vinteren 1954 vann Klecker slalåmrennet og kombinasjonen på Oppdal. To veker seinare tok ho sølvmedaljen i utforrennet under VM i alpine greiner 1954 i Åre, ein tidels sekund bakom Ida Schöpfer frå Sveits. Seinare i verdsmeisterskapen var Klecker overlegen best i slalåm-tevlinga og vann med over eitt sekund, med Ida Schöpfer på sølvplass og svenske Sara Thomasson fekk bronse.


I sitt siste store meisterskap, Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, enda Klecker på 12. plass i utfor. Ho la bort konkurranseskia i 1957.



Kjelder |






  • (en) Trude Klecker – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.



  • Denne artikkelen bygger på «Trude Klecker» frå Wikipedia på tysk, den 27. desember 2014.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...