Hans-Peter Briegel Innhaldsliste Kjelder | Navigasjonsmenyeeee


EinskildmennFødde i 1955Tyske fotballspelararKaiserslautern-spelararVerona-spelararSampdoria-spelararSpelarar i Fotball-EM 1980Spelarar i Fotball-VM 1982Spelarar i Fotball-EM 1984Spelarar i Fotball-VM 1986


fotballspelarRodenbachRheinland-PfalzVest-TysklandKaiserslauternVeronaSampdoriaEM-finalen 198019821986BelgiaItaliaArgentinafotball-EM












Hans-Peter Briegel

6633 Hans Peter Briegel.JPG

Fødd
11. oktober 1955
Rodenbach

Hans-Peter Briegel (fødd 11. oktober 1955) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Rodenbach i Rheinland-Pfalz. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1980, og spelte på dei vesttyske laga som tok seg til finalen både under VM 1982 og VM 1986.




Innhaldsliste






  • 1 Klubbspel


  • 2 Landslagsspel


  • 3 Merittar


  • 4 Kjelder





Klubbspel |


Briegel var aktiv på FC Kaiserslautern i heimlandet frå 1975 til -84. Sommaren 1984 vart han overført til italienske Hellas Verona. Allereie i sin fyrste sesong var han med på ein historisk triumf, ettersom laget frå Verona for fyrste og hittil (2017) einaste gong sikra seg ein scudetto, den italienske seriemeistertittelen. Vel eitt år seinare gjekk turen til Sampdoria og to sesongar i laget frå Genova. Han avslutta karrieren med å verte italiensk cupmeister, skåra til og med det fyrste målet i den fyrste av dei to finalekampane.



Landslagsspel |


Briegel var vesttysk landslagsspelar frå 1979 til -86. I desse åra spelte han 72 landskampar og skåra fire mål. Han var på bana både under EM-finalen 1980 og VM-finalane 1982 og 1986. I 1980 vart det vesttysk finalesiger 2-1 mot Belgia, ein meisterskap der Briegel fekk venstreback-plassen på det såkalla Alls Star Team i EM. Sidan kom tap i begge VM-finalane, fyrst mot Italia i 1982 og så mot Argentina i 1986. Også i 1984 var Briegel på Vest-Tysklands lag i fotball-EM.



Merittar |



  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland

  • VM-sølv: 1982 og 1986 med Vest-Tyskland

  • Italiensk seriemeister: 1985 med Verona

  • Italiensk cupmeister: 1988 med Sampdoria



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hans-Peter Briegel» frå Wikipedia på tysk, den 19. juni 2017.
































Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...