MMR-vaksine Innhaldsliste Effekt | Biverknader og kontrovers | Høyesterettsdom | Referansar |...


Vaksinar


kusmameslingerraude hundar.Merckvirusepidemiarfeber.TV 2Noregs Høgsterettmultippel sklerose.




MMR-vaksinen er ein immuniserande vaksine mot kusma, meslinger og raude hundar. Namnet kjem av dei engelske namna på sjukdomane: Mumps, measles og rubella. Vaksinen vart først utvikla av Maurice Hilleman ved Merck på slutten av 1960-årane.[1]


Vaksinen består av ei blanding av tre levande, men veikte virus og vert gjeve i form av ein enkelt sprøyte. Internasjonalt er det ein svært utbreidd vaksine. I det norske barnevaksinasjonsprogrammet vert gjeve MMR-vaksinen ved alderen til 15 månader og i 6. klasse. MMR-vaksinen har vore ein del av det norske barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1983. MMR-vaksinen erstatta meslingevaksinen som hadde vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1969 og raude hundar-vaksinen som hadde vore med sida 1978.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Effekt


  • 2 Biverknader og kontrovers


  • 3 Høyesterettsdom


  • 4 Referansar





Effekt |




Mengda tilfelle av raude hundar fall dramatisk i tida etter innføringa av vaksinen, tala er frå USA.


Meslinger, kusma og raude hundar er svært smittsame sjukdomar og før innføringa av vaksinen var det regelmessig små epidemiar, vanlegvis med 3–4 års mellomrom, og størstedelen av folkesetnaden fekk sjukdomane. Hele 97 % av dem som vart fødd før innføringa av vaksinen gjennomgjekk ein meslingeinfeksjon. Før innføringa av meslingevaksinen fekk 20 000–30 000 menneske i Noreg meslinger kvart år. Av desse fekk 20-30 hjernebetennelse (encefalitt) og 5-10 døydde.[3] Vaksinen har vore svært effektiv og dei siste åra har det berre vore nokre sporadiske tilfelle av meslinger, kusma og raude hundar i Noreg. I fattigare delar av verda er det enno mange som ikkje har tilgjenge på vaksinane, og ein reknar med at det i verda kvart år døyr drygt 100 000 barn under fem år av meslinger, spesielt blant underernærte barn og flyktningar.[4]



Biverknader og kontrovers |


Det er få alvorlege biverknader av MMR vaksinen. Dei fleste opplever ein ømheit og svie på stikkstaden. Opp til 20 % opplever lett feber. Utslett og leddsmerter kan òg finnast. Alvorlege bivirkninger i form av anafylaktiske allergiske reaksjonar kan finnast, men er svært sjeldan.


I 1998 publiserte Andrew Wakefield ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftet The Lancet om ein mogleg samanheng mellom MMR-vaksinen og autisme og inflammatorisk tarmsjukdom hos tolv pasientar.[5] Funna vakte internasjonal merksemd og vart i Noreg blant anna omtalt i Tilstanden til riket på TV 2, og mange foreldre ville ikkje la borna sina vaksinerast. Andre forskarar gjorde ei rekkje oppfølgende studium, men ingen viste nokon samanheng mellom vaksinen og autisme. I 2010 trekte The Lancet tilbake artikkelen og kalla den uærleg. Wakefield mista lege-lisensen sin i 2010, og i 2011 meinte British Medical Journal å kunna dokumentera at Wakefields studie i stor grad var rein svindel.[6][7] Det herskar i dag semje om at det ikkje finst nokon samanheng mellom autisme og MMR-vaksinen.[8]



Høyesterettsdom |


Noregs Høgsterett fann i dom av 12. november 2015 ein erstatningsrettsleg samanheng mellom MMR-vaksina og multippel sklerose.[9] Symptom debuterte hjå ein pasient få dagar etter vaksinasjon. Tidlegare har Borgarting lagmannsrett funne ein tilsvarande samanheng mellom denne vaksinen og transvers myelitis, ein betennelse i ryggmargen.



Referansar |




  1. Offit PA (2007). Vaccinated: One Man's Quest to Defeat the World's Deadliest Diseases. Washington, DC: Smithsonian. ISBN 0-06-122796-X. 


  2. Arkivert 13. mars 2011 på Wayback Machine.


  3. Arkivert 13. april 2010 på Wayback Machine.


  4. «Uten vaksinering dør barn av meslinger». Tidsskrift for Den norske legeforening (6). 


  5. Wakefield A, Murch S, Anthony A; et al. (1998). «Ileal-lymphoid-nodular hyperplasia, non-specific colitis, and pervasive developmental disorder in children». Lancet 351 (9103): 637–41. PMID 9500320. doi:10.1016/S0140-6736(97)11096-0. Henta 2007-09-05.  CS1 maint: Explicit use of et al. (link) CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  6. British Medical Council Doctoren til Bar Who Linked Vaccine With Autism


  7. BMJ


  8. «Vaccines for measles, mumps and rubella in children» (PDF). Cochrane Database of Systematic Reviews (Artikkelnr. CD004407). 


  9. Høgsterett - Erstatning etter utvikling av MS-sjukdom i samband med MMR-vaksine




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...