Simone Perrotta Innhaldsliste Bakgrunnsstoff | Kjelder | NavigasjonsmenySimone Perrottaeee


Fødde i 1977Italienske fotballspelararBari-spelararChievo-spelararJuventus-spelararReggina-spelararRoma-spelarar


Ashton-under-LyneGreater ManchesterEnglanditalienskfotballspelarSerie ARomaJuventusDidier DeschampsZinedine ZidaneBariVM 2006Simone PerrottaFIFA






Perrotta i 2007


Simone Perotta (fødd 17. september 1977) i Ashton-under-Lyne i Greater Manchester i England er ein italiensk fotballspelar som sidan 2004 har spela for den italienske Serie A-klubben Roma. Han spela 48 landskampar for Italia, og vart verdsmeister i 2006.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


  • 2 Meistertitlar og medaljar


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Aktiv |


Perrotta debuterte i italiensk Serie B i 1995 for Reggina. Etter stor framgang fekk han i 1998 kontrakt med toppklubben Juventus. Med spelarar som Didier Deschamps og Zinedine Zidane i klubben fekk Perrotta einast fem offisielle kampar for Juventus før han i 1999 gjekk til Bari, der han spela i to sesongar. I 2001/02-sesongen byrja han spele for Chievo, der han fekk fast plass på midtbana. Frå 2004 spela han på Roma, dei fyrste sesongane var han ein av dei aller beste spelarane på laget. Klubben kom tre år på rad på andreplassen i Serie A. I to av dei same sesongane, 2007 og 2008, vann Roma den italienske cupmeisterskapen.


Perrotta debuterte på Italias landslag i 2002. Han var med i Italias tropp til EM i fotball 2004, laget vart utslått i gruppespelet. To år seinare fekk han plass i Italias tropp til VM 2006 i Tyskland. Perrotta var med i startoppstillinga i alle dei sju kampane i turneringa, som enda med at Italia vart verdsmeistrar etter å ha slått Frankrike i straffeskyting. Sjølve kampen enda 1-1. Også til Europameisterskapen i fotball 2008 kom han med, Italia vart då slått ut av turneringa i kvartfinalen av den seinare europmeisteren; Spania. Perrotta spela sin 48. og siste landskamp i 2009, han skåra i alt to landslagsmål.



Meistertitlar og medaljar |



  • VM-gull 2006 for Italia

  • Italiensk cupmeister med AS Roma 2007 og 2008

  • Italiensk seriesølv med AS Roma 2006, 2007, 2008



Bakgrunnsstoff |


Simone Perrotta på FIFA si offisielle heimeside



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Simone Perrotta» frå Wikipedia på tysk, den 18. juni 2012.

























Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...