Sjokkbølgje Sjå òg | Kjelder | Navigasjonsmenyutvide hanGNDNDL


VæskedynamikkBølgjer


bølgjemediumfast stoffvæskegasselektromagnetisk felttrykktemperaturtettleiksolitonarlydmurenarbeidentropifriksjonskraft







Schlierenfotografi av ei sjokkbølgje ved ein lekam i overlydsfart.


Ei sjokkbølgje er ein slags forstyrring som forplantar seg. Som ei vanleg bølgje fører ho energi og kan forplante seg gjennom eit medium (fast stoff, væske eller gass) eller i somme tilfelle utanom eit materielt medium, som eit elektromagnetisk felt. Sjokkbølgjer er kjenneteikna ved ei brå, nesten diskontinuerleg endring i eigenskapane til mediet.[1] På tvers av ei sjokkbølgje er det nesten alltid ei brå endring av trykk, temperatur og tettleik. Ei sjokkbølgje flyttar seg gjennom dei fleste media med ein høgare fart enn ei ordinær bølgje.


I motsetnad til solitonar (ei anna form for ikkje-lineær bølgje) dissiperer energien i ei sjokkbølgje relativt raskt. I tillegg vil den tilhøyrande utvidingsbølgja nå og stundom slå seg saman med sjokkbølgja, slik at ho delvis vert utjamna. Lyden som følgjer eit fly som bryt lydmuren er lydbølgja som kjem av at sjokkbølgja og utvidingsbølgja som flyet skapar slår seg saman.


Når ei sjokkbølgje går gjennom eit stoff vert den totale energien bevart, men energien som kan utvinnast som arbeid og entropi aukar. Dette fører til dømes til ei friksjonskraft på flyet som bryt lydmuren.



Sjå òg |



  • Eksplosjon

  • Hydraulisk hopp

  • Mach-bølgje

  • Magnetopause

  • Sjokk i mekanikk

  • Lydmuren



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Shock wave» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2009.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. Anderson, John D. Jr. (January, 2001) [1984]. Fundamentals of Aerodynamics (3rd utg.). McGraw-Hill Science/Engineering/Math. ISBN 0-07-237335-0. 






Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...