Adeliepingvin Innhaldsliste Liv og utsjånad | Utbreiing | Åtferd | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Livskraftige artarPingvinarFuglar i Sørishavet og Antarktis


RingpingvinbøylepingvinJules Dumont d'UrvilleRossøyakrillsørjoleopardselspekkhoggar













































Adeliepingvin

Adeliepingvin
Adeliepingvin

Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Adeliepingvin
Utbreiinga av Adeliepingvin

Systematikk

Rike:

Dyr Animalia

Rekkje:

Ryggstrengdyr Chordata

Underrekkje:

Virveldyr Vertebrata

Klasse:

Fuglar Aves

Orden:

Sphenisciformes

Familie:

Pingvinar Spheniscidae

Slekt:

Pygoscelis

Art:

Adeliepingvin P. adeliae

Vitskapleg namn

Pygoscelis adeliae

Hombron & Jacquinot, 1841


Adeliepingvin (Pygoscelis adeliae) er ein sjøfugl som høyrer til pingvinane. Ringpingvin (Pygoscelis antarcticus) og bøylepingvin (Pygoscelis papua) er dei næraste slektningane, desse tre artane utgjer slekta Pygoscelis (børstehalepingvinar). Adeliepingvinen er kalla opp etter kona til den franske oppdagaren Jules Dumont d'Urville.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og utsjånad


  • 2 Utbreiing


  • 3 Åtferd


    • 3.1 Hekking


    • 3.2 Trekk


    • 3.3 Ernæring


    • 3.4 Predasjon




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Liv og utsjånad |




Adeliepinvinen høyrer til børstehalepingvinane




Utbreiing av adeliepingvin




Hekkekoloni på Rossøya


Adeliepingvinen kan ikkje flyge. Vingane er omdanna til luffeliknande, stive symjereiskapar som fuglane under dykking brukar til å skape framdrift. Eit særtrekk ved slekta Pygoscelis er ein karakteristisk børsteliknande stjert.


Arten har svart fjørdrakt med blåskjer i tuppane på oversida og hovudet, og er kvit på undersida. Eit sikkert kjenneteikn er ein kvit hudring arten har rundt augo. Ungfuglar er blåare på oversida, medan kinna og strupen er meir kvit enn hos vaksne individ. Føtene, som har symjehud mellom tærne og er bleikgule, brukar fuglen som padleårar på vassyta og som ror når han dykkar. Baklemane er langt bak på kroppen og gir fuglen ei oppreist stilling når han står og går på land.


Arten vert omkring 71 cm høg og veg normalt 4–6 kg (4,4 kg i snitt). Hannen er noko større enn hoa.


Adeliepingvinen lever normalt til han vert om lag 14 år.



Utbreiing |


Adeliepingvinen høyrer til dei aller sørlegaste fugleartane og finns i sona 77-54°S. Han er ein pelagisk dykkande pingvinart som trivs i drivis og opningar i pakkisen, langs hele kysten i Antarktis, inkludert sjølve Antarktika, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, samt øyane utanfor. Utanom hekkesesongen kan han ein sjeldan gong gjeste dei sørlegaste områda av Sør-Amerika, Australia og New Zealand.


Det finns omkring 5 millionar adeliepingviner i Antarktis, om lag 38 prosent er i Rosshavsregionen. Desse er fordelt i 38 koloniar. Bestanden i Rosshavet og globalt er aukende, men på Antarktishalvøya minkar bestanden.




Sprettande adeliepingvinar




Adeliepingvinar på eit isfjell



Åtferd |



Hekking |


Adeliepingvinen hekkar i enorme koloniar, opp mot 250 000 par, på isfri steingrunn langs kysten, ofte på store, opne flater som kan ligge langt fra opent hav. Arten er ein av to pingvinartar som hekkar på sjølve Antarktika. Keisarpingvinen, som hekker der om vinteren, er den andre. Adeliepingvinen hekkar i sommarhalvåret.


Når adeliepingvinen er 2–4 år gammal søker han opp hekkekolonien, berre for å legge krav på ein hekkeplass. Først når han er 3–6 år gammal hekkar fuglen. Hoene er i snitt 5 år gamle, hannane 6 år gamle.


Adeliepingvinen lagar eit provisorisk reir av stein. Reiret ligg alltid slik til at smeltevatn ikkje når det, som regel på ei forhøging av stein og gru i ei skråning. Hoa legg to egg, som kvart veg cirka 100–125 gram, som begge foreldra rugar på i 32–34 døgn. Foreldra byter på å ruge i skift på 1–3 dagar. Når kyllingane vert klekte vert dei vakta av foreldra i cirka 22 dagar. I denne perioden vert kyllingane mata dagleg. Deretter dannar kyllingane små ungfuglgruppar til vern, mens foreldra matar dei med jamne mellomrom. Mytinga skjer etter cirka 52–61 dagar. Deretter dreg ungane på sjøen og må klare seg sjølv. Omkring 10 prosent av kyllingane har ein annan far enn den hannen som rugar og matar.



Trekk |


Når hekkesesongen er over trekker arten nordover og med sola til vinterbeita. Adeliepingvinen treng litt lys for å kunne navigere og jakte. Ein antek at pingvinane fyl drivisen og havstraumane for å spare energi.


Ei undersøking av trekket frå to koloniar fann at adeliepingvane gjennomsnittleg trekte 13 000 km. Trekk opp mot 17 600 km vart registrert for fuglar frå kolonien på Rossøya.


Adeliepingvinen har som dei fleste andre pingvinar evna til å surfe, sprette i vassflata når han sym fort.



Ernæring |


Adeliepingvinen jaktar i hovudsak i flokk etter krill (mest Euphausia chrystallorophias, men også Euphausia superba), men fangar også mindre fisk (spesielt Pleuragramma antarcticum). Typiske dykk når til mindre enn 20 meter, men arten kan dykke mykje djupare. Dykk til 180 meter og som varer i meir enn 5 minuttar har blitt registrert. Under dykking kan toppfarten nå 15 km/t.



Predasjon |


Arten er særleg utsett for predasjon frå sørjo (Stercorarius maccormicki), leopardsel (Hydrurga leptonyx) og spekkhoggar (Orcinus orca).



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Adeliepingvin» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2014.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adeliepingvin



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!






Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...