Christian Münster Liv og gjerning | Kjelder | NavigasjonsmenyNorsk biografisk leksikon


EinskildmennFødde i 1871Døde i 1924Norske bergmennFolk frå Porsgrunn


13. august18714. desember1924BrevikTelemarkmalmleitingKongsberg SølvverkNoregs geologiske undersøkingmetallurgiskekjemisksølvmetallinnhaldcyanidRanabelgisksvovelkisStordVaraldsøyaGronglokomotivkarbidlykterKristiania


















Christian Münster
Fødd
13. august 1871
Død
2. desember 1924
Yrke ingeniør

Christian Andreas Münster (13. august 1871–4. desember 1924) var ein norsk bergmann frå Brevik i Telemark. Han var ein pioner i elektrisk malmleiting i Noreg , direktør for Båsmo gruver 1897–1910 og Kongsberg Sølvverk 1910–17, der etter teknisk direktør ved Norske Svovelkisgruber A/S.



Liv og gjerning |


Etter examen artium 1888 begynte Münster på bergstudiar. I studietida dreiv han feltarbeid for Noregs geologiske undersøking i Kongsberg-traktene og 1889–92 var han amanuensis ved Universitetets metallurgiske laboratorium. Han vart uteksaminert cand.min. i 1892 og arbeidde så som bergproberar ved Kongsberg Sølvverk. Her leia han forsøk med kjemisk utvinning av sølv frå berg med svakt metallinnhald. Kjemisk ekstraksjon av sølv med cyanid vart ein viktig metallurgisk innovasjon på Kongsberg.


I 1897 reiste Münster til Rana som direktør for det belgisk-eigde selskapet Bossmo A/S Gruber. Åra framover arbeidde han med fleire av dei største førekomstane av svovelkis i Noreg, ei sentral grein i den industrielle bergverksdrifta, mellom anna som konsulterande ingeniør for fleire selskap. Han tok såleis del i danninga av A/S Stordø Kisgruber og flytta til Stord i 1907. År 1909 kjøpte han kisgruvene på Varaldsøya, der han starta ei mindre drift. I 1911-12 fann Münster godt med kis i Gjersvik i Grong og han var konsulterande ingeniør ved A/S Grong Gruber 1912–20, styremedlem 1913–19 og styreformann 1917–19.


Frå 1910 til 1917 var Münster tilbake på Kongsberg som direktør for sølvverket. Verket var i full gang med ei omfattande modernisering som Münster førte vidare gjennom bruk av bensinlokomotiv og karbidlykter. I 1917 deltok han i stiftinga av Norske Svovelkisgruber A/S, eit selskap som kjøpte gruvene i Båsmo, Varaldsøy og Mælen. Han fekk jobben som teknisk direktør i selskapet og flytta i 1918 til Kristiania. Münster var styremedlem i Foreningen for Export av kobberfattig Svovlkis frå stiftinga i 1916, formann frå 1919 til han døydde.


Münster var historisk interessert og bidrog til utviklinga av Kongsberg sølvverk sin samlingar. Mellom anna gav han i 1894 ut Kongsberg Ertsdistrikt.



Kjelder |


  • Norsk biografisk leksikon



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...