Picos de Europa Innhaldsliste Geografi | Natur | Grotter | Gastronomi | Bakgrunnsstoff | Kjelder |...


Fjell i SpaniaAsturiasCantabria


SpaniaAsturiasCantabriaCastilla y LeónDei kantabriske fjellaAmerikaCaresCareskalksteinisbreerosjonkarstområdeTorre de CerredobrunbjørngaupeulvgemsealpekråkemusvåkCantabriaAsturiasLeóngjetararsaugeitkugrisostaneQueso de Cabrales









































Picos de Europa
Fjellkjede

SotresPanorama.jpg

Toppane i Sentralmassivet oppfor landsbyen Sotres i Cabrales


Kalla opp etter: Europa

Land

Flag of Spain.svg Spania
Region

Den iberiske halvøya

Del av

Dei kantabriske fjella

Høgaste punkt

Torre de Cerredo
 - høgd
2 648 moh.
 - koordinatar

43°11′51″N 04°51′06″W



Wikimedia Commons: Picos de Europa




Landsbyen Turieno ved foten av Picos.


Picos de Europa (tyder «Europatoppane») er ei fjellkjede, om lag 20 km innanfor nordkysten av Spania i dei autonme regionane Asturias, Cantabria og Castilla y León. Fjella er ein del av Dei kantabriske fjella. Den mest aksepterte teorien for opphavet til namnet er at dette var dei første fjella i Europa ein såg når ein kom med skip frå Amerika.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Natur


  • 3 Grotter


  • 4 Gastronomi


  • 5 Bakgrunnsstoff


  • 6 Kjelder





Geografi |


Fjella består av tre store massiv, det sentrale, austlege og det vestlege (òg kalla Picos de Cornión). Dei sentrale og vestlege massiva er fråskilde av ei 1,5 km djup kløft grave ut av Cares, (Garganta del Cares), med landsbyen Caín i ein enden. Kjeldene til Cares er houvdsakleg vatn som kjem ut av grotter i området.


Nesten heile fjellkjeda består av kalkstein, og isbreerosjon har skapt eit imponerande karstområde. Det høgaste fjellet i kjeda er Torre de Cerredo med ei høgd på 2468 meter over havet. Mange andre fjelltoppar går over 2000 meter. Området er populært hos fjellklatrarar og fotturistar. Det ligg fleire fjellhytter i fjella.



Natur |


Av dyr som lever i regionen finn ein brunbjørn (Ursus arctos pyrenaicus), gaupe (Lynx pardinus) og ulv (Canis lupus signatus). Det er òg ein del gemse i fjell. Av fuglar finn ein alpekråke og musvåk.


Det meste av regionen er i dag verna som Picos de Europa nasjonalpark i Cantabria, Asturias og León. Delen av parken i Asturias var den første nasjonalparken i Spania.




Lamedo, in Liébana (Cantabria)




Enolsjøen i Asturias



Grotter |


I Picos de Europa ligg mange av dei djupaste grottene i Spania, som Torca del Cerro (−1589 m), Sima de la Cornisa (−1507 m), Torca los Rebecos (−1255 m) og Pozo del Madejuno (−1252 m). Det pågår framleis jakt etter nye grotter og utforsking av desse.



Gastronomi |


Det finst grupper av gjetarar som dreg opp til Picos frå dalane om sommaren med sau, geit, ku og stundom gris. Området er kjend for dei pikant blåe ostane som Queso de Cabrales, som tradisjonelt modnar i grottene.



Bakgrunnsstoff |



  • Informasjon om Picos de Europa

  • Asturias og Picos de Europa

  • Nasjonalparken

  • Picos de Europa y Amieva

  • Picos de Europa på Llanes

  • Picos de Europa Asturias

  • Bilete av Picos de Europa



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Picos de Europa» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2009.


Koordinatar: 43°12′N 4°48′W





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...