Coromuel Kjelder | Navigasjonsmeny"What's the origin of the term Coromuel wind?""What are the Corumuel...


VindarBaja California SurKlima i Mexico


La PazområdetBaja California-halvøyaCaliforniabuktaCortezsjøenSamuel Cromwell




Coromuel er ein vind i La Pazområdet på Baja California-halvøya og Californiabukta (Cortezsjøen). Han opptrer seint på våren og sommaren, og er ein sørleg til sørvestleg vind som typisk starta på ettermiddagen eller tidleg på kvelden og bles gjennom natta til utpå morgonen. Han startar brått og kan verte særs sterk i området kring La Paz-bukta.[1]


Vinden vert skapt av den kjølige havlufta på Stillehavssida av halvøya, som vert trekt inn over ørkenen til den relativt varmare sida av Californiabukta. Han opptrer berre i La Paz-området fordi dette er den einaste staden på halvøya der fjella ikkje blokkerer for luftstraumen.[2]


Vinden fekk namn etter Samuel Cromwell, ein sjømann på 1800-talet, som ein trur var sjørøvar. Han vitja ofte La Paz, og segna seier at ein av dei største skattane hans vart gravlagd på strande med hans namn. Sidan dei innfødde ikkje klarte å uttale namnet hans, kalla dei han «Coromuel».



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Coromuel» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. "What's the origin of the term Coromuel wind?" From Homer Aschmann's manuscript, Coromuel and Pichilingue


  2. "What are the Corumuel Winds in Baja Sur" BajaInsider.com











Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...