Natalja Sjikolenko Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1964Sovjetiske spydkastararKviterussiske friidrettsutøvararDeltakarar for SUS under sommar-OL 1992Kviterussiske deltakarar under sommar-OL 1996


AndijonUsbekistanSovjetunionenKviterusslandSeattleSilke RenkTrine Hattestad
















Natalja Sjikolenko

Fødd
1. august 1964
Andijon
Yrke
spydkaster, friidrettsutøvar

Natalja Ivanovna Sjikolenko (fødd 1. august 1964) er ein tidlegare spydkastar, fødd i Andijon i Usbekistan, som representerte Sovjetunionen og seinare Kviterussland. Ho vart verdsmeister i 1995, etter å ha vunne OL-sølv i 1992 og VM-bronse i 1993.



Aktiv |


Sjikolenko utmerkte seg fyrste gongen då ho vann spydtevlinga ved Goodwill-leikane 1990 i Seattle med eit kast på 61,62 m. To år seinare kasta ho 68,34 m og tok sølvmedaljen i spyd under sommarleikane i Barcelona, slått i siste omgangen med fattige åtte centimeter av vinnaren, tyske Silke Renk. I 1993 fekk Sjikolenko bronsemedaljen då VM 1993 fann stad i Stuttgart, med 65,64 m hamna ho 16 cm bak sølvvinnar Karen Forkel og ein knapp halvmeter framom systera Tatjana Sjikolenko på fjerdeplass, norske Trine Hattestad vann tevlinga.


Under verdsmeisterskapen i Göteborg den 8. august 1995 tok Natalja Sjikolenko leiinga i fyrste omgangen med eit kast på 66,48 m og viste seg gjennom tevlinga som den klart beste. Ho stod for dei tre lengste kasta og avslutta med vinnarkastet på 67,56 m.


Sjikolenko vart sovjetmeister i spydkast 1990-92 og kviterussisk meister 1993.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (60,40 m =nr 14)


  • EM 1990 i Split: Nr 12 – 53,98 m


  • VM 1991 i Tokyo: Nr 11 – 58,82 m


  • OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 68,26 m, bakom Silke Renk (68,34 m)


  • VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 65,64 m


  • EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (55,08 m =nr 14)


  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 67,56 m, framom Felicia Ţilea (65,22 m)


  • OL 1996 i Atlanta: Nr 12 – 58,56 m



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Natallja Schykalenka» frå Wikipedia på tysk, den 9. juni 2018.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...