Aleksandr Litovsjenko Liv og gjerning | Kjelde | NavigasjonsmenyVIAFULAN


Fødde i 1835Døde i 1890EinskildmennRussiske målarar


26. mars183528. juni1890russiskSt. PetersburgKaronStyxakademismenPeredvizjnikijfalkonertsar AleksejRusslands MuseumPavel TretjakovTretjakovgallerietMoskvaFrelsaren Kristus-katedralenKrimkrigenSevastopol







Ivan den skrekkelege viser skattane sine til Jerome Horsey, 1875


Aleksandr Dmitrijevitsj Litovsjenko (russisk: Александр Дмитриевич Литовченко)
(26. mars 1835–28. juni 1890) var ein ukrainskfødd russisk målar som spesialiserte seg i å skildre det moskovittiske Russland av det 16. og 17. hundreåret. Han var fødd i Kremensjuk og døydde i St. Petersburg.



Liv og gjerning |


Litovsjenko studerte ved St. Petersburgs kunstakademi. Trass i at han vart kritisert av sine medstudentar for heller oppstylta komposisjonar, vart han tildelt ei mindre gullmedalje for si framstilling av Karon som ror sjelene etter dei døde over Styx. Saman med fleire andre yngre målarar utfordra han akademismen som var rådande ved kunstakademiet. I 1863 forlet han dette for å drive som målar. Han gjekk med i Peredvizjnikij-rørsla i 1876.


I 1868 vart Litovsjenko godkjent som akademi-målar for eit bilete av ein falkoner som var tilsett ved hoffet til tsar Aleksej. Mellom dei større verka hans, vart Ivan den skrekkelege viser sine skattar til Jerome Horsey (1875) erverva av tsaren til Russlands Museum i St. Petersburg. Tsar Aleksej og erkebiskop Nikon ærar dei jordiske leivningane av patriarken Filip (1886) vart kjøpt av Pavel Tretjakov til Tretjakovgalleriet i Moskva, til liks med dei beste portretta Litovsjenko hadde måla.


Litovsjenko vert også hugsa som opphavsmann til sju veggmåleri i Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva, samt ein serie ikonar til minnesmerket over Krimkrigen i Sevastopol.



Kjelde |




  • Denne artikkelen bygger på «Alexander Litovchenko» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2010.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...