Målvakt i fotball Innhaldsliste Reglar | Utstyr | Draktnummer | Kjende målvakter | Kjelder |...


Målvakter i fotball


fotballfotballenmålburhanskarPeter ShiltonlandskamparEnglandstraffesparkfeltspelt ballen attende1970-åraførste verdskrigencapskortbukserPeter ShiltonAust-EuropaLev JasjinSovjetunionenGyula GrosicsUngarnDavid SeamanChris WoodsSheffield WednesdayArsenalDan LewisFA-cupfinalenAlan Roughdet nederlandske herrelandslagetVM 1978Ruud GeelsdraktnummerAmerican Soccer LeagueScullin SteelSt. LouisStorbritannia1928ArsenalChelseaFA-cupfinalenEvertonManchester CityEnglandSkottlandHampden ParkFotball-VMVM 1954






Ei ung målvakt.


Ei målvakt (ofte kalla keeper etter engelsk) i fotball har som oppgåve og hindra motstandarane i skåre mål ved å sjå til at fotballen aldri kjem inn i laget sitt eige målbur. Målvakta er den einaste spelaren på laget som kan ta i ballen med hendene og kan nytta alle delar av kroppen for å hindre at ballen går i mål. Målvakta nyttar som regel hanskar, dels for å verne hendene og dels for å få eit betre grep om ballen.


Dei fleste målvakter har ein aktiv karriere på meir enn 20 år, og ein av dei som er verdt å nemne er engelske Peter Shilton som var aktiv mellom 1966 og 1997. I løpet av den 31-år lange karrieren sin spelte han over 1 000 kampar, av dette 125 landskampar i løpet av 20 år for England. Han spelte sin siste landskamp som 40-åring og den siste klubbkampen som 47-åring.




Innhaldsliste






  • 1 Reglar


  • 2 Utstyr


  • 3 Draktnummer


  • 4 Kjende målvakter


  • 5 Kjelder





Reglar |


Innanfor sitt eige straffesparkfelt kan målvakta nytte alle kroppsdelar for å hindre at ballen går inn i eige mål, i tillegg til at han kan nytte hendene til å fange og halde ballen. Utanfor sitt eige straffesparkfelt vert målvakta rekna som ein vanleg utespelar. Målvakta kan derimot ikkje ta på ballen dersom ein medspelar medvite har spelt ballen attende, sjølv om målvakta er innanfor eige straffesparkfelt. Om dette skjer kan målvakta berre bruke føtene eller hovudet, som ein utespelar. Målvakta kan likevel bruke hendene om medspelaren har sentra ballen med hovudet, brystet eller kneet.[1]


Når målvakta har plukka opp ballen med hendene har han eller ho seks sekund på seg til å setje ballen i spel att. Målvakta kan då ikkje sleppe ballen med hendene og så plukke han opp att - når ballen er sleppt kan han eller ho berre ta i ballen med hendene att etter at ein motstandar har vore borti han. Målvakta er spesielt verna frå dommaren og ballen kan ikkje sparkast av ein utespelar om målvakta har hendene på ballen.[1]



Utstyr |




Målvaktshanskane til Oliver Kahn.


Tradisjonelt sett har ikkje målvakta same trøye som utespelarane og har ofte hatt ein meir dekkande klede (særleg når det er kjølig vêr ute). Årsaka til dette går langt attende i tid og det var først i 1970-åra at målvaktene fekk velje farge på trøya sjølv. Før den tid var trøya anten grøn, blå, raud eller kvit, utanom i internasjonale kampar då dei som regel bar gult. Dei valde oftast grøne fargar fordi det var (og framleis er) særs få fotballag som nyttar grøne trøyer. Før første verdskrigen kunne ein berre sjå skilnad på utespelarar og målvakta ved at målvakta hadde på seg ein caps, men alt i 1909 bad skotske målvakter om å få ha andre fargar på fotballtrøya si enn utespelarane.[2]


Før i tida fanst det i røynda berre to ulike målvaktstrøyer; den eine var ein tettsittande undertrøye eller langarma vest, og den andre typen var ei tjukk polotrøye som var særskild populær under kampar på vinterhalvåret. Polotrøya forsvann først i 1960-åra, då fleire byrja å ha på meir atletiske trøyer.[2]


Fram til midten av 1990-åra hadde målvaktene som regel same strømper og kortbukser som utespelarane, men sjølv der fanst det unntak. Peter Shilton bar under ein kamp ei heilkvit drakt tidleg i 1970-åra. Han sleppte inn eit langskot og mange meiner det var fordi dei kvite kleda gjorde det lettare for motstandarane å sjå kvar han stod. Det motsette gjekk føre seg i Aust-Europa der Lev Jasjin for Sovjetunionen og Gyula Grosics Ungarn bar heilsvarte drakter.[2]


Ikkje alle målvakter har likt kleda dei må bere; David Seaman meinte at den heilraude drakta hans fekk han til å sjå ut som «ein pakke snop» og landslagsmålvakta Chris Woods vart t.d. ein gong tvinga til å bere lilla strømper då han spelte for Sheffield Wednesday. Andre har valt bort klede på grunn av overtru, som t.d. målvaktene i Arsenal som aldri har på seg ei ny trøye med mindre ho er vaska først. Dette går heilt attende til 1927 då Arsenalmålvakta Dan Lewis skylda på den nye trøya si etter å ha sleppt inn eit straffemål i FA-cupfinalen. Alan Rough ville alltid spela med nummer 11 på ryggen for hellet sin del.[2]



Draktnummer |




Eit fotballmål (målbur)


Vanlegvis har målvakter nummer éin på trøya si, men det finst ingen reglar som seier at det må vere slik. Til dømes nummererte det nederlandske herrelandslaget draktene til spelarane etter alfabetisk rekkefølgje under VM 1978, slik at Ruud Geels spelte med nummer éin.[2]


Den tidlegaste kjende kampen med draktnummer vart spelt i American Soccer League då Scullin Steel frå St. Louis spelte finalekampen i sesongen 1922/1923. Nummererte drakter kom ikkje til Storbritannia før i 1928 då Arsenal og Chelsea spelte dei to første ligakampane med draktene. Den neste kampen med draktnummer var FA-cupfinalen i 1933, men i staden for at kvart lag var nummerert frå 1 til 11, hadde spelarane til Everton nummera 1-11 og Manchester City hadde 12-22. Målvakta til Everton fekk æra av å bere nummer 1, medan målvakta til Manchester City fekk nummer 22. Nummererte drakter vart ikkje obligatorisk i britisk fotball før 1939.[2]


I internasjonalt spel byrja ein først med nummererte drakter i 1937, då England møtte Skottland (utan nummer) på Hampden Park. Året etter var det Fotball-VM då fleire lag brukte nummererte drakter, men det var først i VM 1954 at draktnummer vart heilt obligatorisk.[2]



Kjende målvakter |


Sortert etter heimland og så etternamn.






Aktive målvakter


  • Flagget til Brasil Júlio César


  • Flagget til England Joe Hart


  • Flagget til England David James


  • Det irske flagget Shay Given


  • Flagget til Italia Gianluigi Buffon


  • Flagget til Spania Iker Casillas


  • Flagget til Spania José Reina


  • Flagget til Spania Victor Valdés


  • Flagget til Sverige Andreas Isaksson


  • Det tsjekkisk flagget Petr Čech



Tidlegare målvakter


  • Flagget til Brasil Gylmar dos Santos Neves (1951-69)


  • Flagget til Brasil Dida (1992-2009)


  • Flagget til Danmark Peter Schmeichel (1981–2003)


  • Flagget til England Gordon Banks (1955–1978)


  • Flagget til England David Seaman (1981–2004)


  • Flagget til England Peter Shilton (1966–1997)


  • Flagget til Frankrike Fabien Barthez (1990–2007)


  • Flagget til Frankrike Grégory Coupet (1993–2011)


  • Flagget til Italia Francesco Toldo (1990–2010)


  • Flagget til Italia Dino Zoff (1961–1983)


  • Det nederlandske flagget Edwin van der Sar (1990-2011)


  • Flagget til Noreg Frode Grodås (1982-2003)



Tidlegare målvakter


  • Flagget til Noreg Thomas Myhre (1990-2009)


  • Flagget til Noreg Erik Thorstvedt (1981-1996)


  • Flagget til Nord-Irland Pat Jennings (1963-1986)


  • Flagget til Sverige Magnus Hedman (1990–2006)


  • Flagget til Sverige Thomas Ravelli (1979–1999)


  • Flagget til Sverige Rami Shaaban (1994-2011)


  • Flagget til Sverige Kalle Svensson (1944-1962)


  • Det sovjetiske flagget Lev Jasjin (1949-1971)


  • Flagget til Tyskland Oliver Kahn (1987–2008)


  • Flagget til Tyskland Sepp Maier (1962–1979)


  • Flagget til Tyskland Toni Schumacher (1972–1996)




Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Fotbollsmålvakt» frå Wikipedia på svensk, den 6. mai 2013.

    • Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,1 «Spelereglar 2013» (PDF). Norges fotballforbund. 2013. s. 91. Henta 6. mai 2013. 


  2. 2,02,12,22,32,42,52,6 «Getting shirty» (engelsk). Goalkeepers are different. Henta 6. mai 2013. 











Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...