Odda kommune Innhaldsliste Historie | Kulturliv | Verdt å sjå | Personar med tilknyting til Odda...


Språknøytrale kommunarUtvalde artiklar 2006HardangerKommunar i HordalandOdda kommune


Hordaland fylkeOddaSørfjordenHardangerUllensvangVinjeSuldalSaudaEtneKvinnheradTettstaderTyssedalRøldalSkareBuerMannsåkerRagdeReinsnòsSeljestadVetrhusRiksveg 551Folgefonntunnelen2001Europaveg 134HaukelivegenHaukelifjellAustlandetVestlandet1913Ullensvangherad1964Røldal kommuneturismeLåtefossenHardangerviddaFolgefonnaBuarbreen1840-talet1906Wilhelm II av Tyskland18891914isbrefossfjordNewcastle upon TyneBergen1890tretreskurdLars KinsarvikNils BergslienBergensbana1909første verdskrig1914industrikommuneOdda SmelteverkBoliden Odda ASTizir Titanium & Iron AS (TTI)kraftkrevjande industrielektrisitetvasskraftverkTysso IOddaprosessen1950-talet1960-talet1990-talet20052003kulturforfattararFrode GryttenBikubesongMurboligen i OddaNorsk Vasskraft- og IndustristadmuseumvasskraftindustritusenårsstadTysso IÅrhundrets byggverkSogn og Fjordane19061918Folk frå Odda


































































Odda kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland


Adm.senter

Odda

Areal
1 616 km²
 - land
1 481 km²
 - vatn
135 km²

Folketal
6 835 (1. januar 2018)
Folketettleik

5 / km²



Målform
nøytral

Ordførar
Roald Aga Haug (Ap)


Kommunenr.
1228




NO 1228 Odda.svg




Wikimedia Commons: Odda Municipality

Nettstad: www.odda.kommune.no


Odda er ein kommune i Hordaland fylke. Administrasjonsstad og sentrum i Odda kommune er byen Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Kommunen grensar i nord mot Ullensvang, i aust mot Vinje, i sør mot Suldal og Sauda, og i vest mot Etne og Kvinnherad.
Tettstader i Odda kommune er mellom anna Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Av andre stadnamn i Odda kan nemnast Buer, Mannsåker, Ragde, Reinsnòs, Seljestad og Vetrhus.
Riksveg 551 med Folgefonntunnelen bind frå 2001 Odda saman med Kvinnherad. Europaveg 134, Haukelivegen går forbi Røldal. Haukelivegen går over Haukelifjell i mange tunnelar. Heilårsvegen bind saman Austlandet og Vestlandet. Avisa Hardanger Folkeblad kjem ut i Odda.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Folketalsutvikling




  • 2 Kulturliv


  • 3 Verdt å sjå


  • 4 Personar med tilknyting til Odda kommune


  • 5 Litteratur


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |


I 1913 vart Odda eigen kommune, skilt ut frå Ullensvang herad. I 1964 vart Odda slege saman med Røldal kommune.
Odda er og kjent som ein viktig stad for turisme, med fossar som Låtefossen og mykje natur. Hardangervidda og Folgefonna med brearmen Buarbreen er naturområde ikkje langt frå Odda sentrum. Frå 1840-talet og fram til industriutbygginga starta i 1906, var Odda først og fremst ein turiststad. Keisar Wilhelm II av Tyskland var årviss gjest frå 1889 til 1914. Før industrialiseringa var Odda eit av dei viktigaste turistmåla i verda på grunn av naturattraksjonar som isbre, foss og fjord på eit konsentrert og lett tilgjengeleg område. Reiselivet skaut for alvor fart då skipsruta mellom Newcastle upon Tyne og Bergen opna i 1890. Her var 10 hotell sist på 1800-talet. Eit nytt Hotel Hardanger vart opna i 1896, etter at det gamle brann ned. Hotellet var ein av dei største tre-. bygningane i Noreg, og dominerte hamna i Odda. Hotellet var prydd med treskurd av Lars Kinsarvik og veggmåleri av Nils Bergslien. I 1904 kom noko nær halvparten av alle utanlandske besøkjande til Noreg innom Odda. Det kunne liggja fleire cruiseskip på hamna på ein gong i Oddapollen. Turismen avtok etter som industriutbygginga tok til. Opninga av Bergensbana i 1909 var ei anna årsak til at dei reisande tok vegen utanom Odda. Utbrotet av første verdskrig i 1914 jaga utlendingane heim frå ferie.




Odda, august 2017


Odda er kjend som ein industrikommune, med føretak som Odda Smelteverk, Boliden Odda AS (Norzink) og Tizir Titanium & Iron AS (TTI). Industrien er særkjenna som kraftkrevjande industri, som får elektrisitet frå vasskraftverk i området. Kraftverket Tysso I vart bygd opp i Tyssedal for å gje kraft til industrien i Odda, og smelteverket opna i 1908. Smelteverket la grunnlag for sterk utviding av tettstaden Odda. Ved smelteverket vart industriprosessen Oddaprosessen utvikla.
På 1950-talet og 1960-talet vart Odda rekna som ein rik kommune. På 1990-talet vart verksemda ved smelteverket gradvis trappa ned. Samstundes har folketalet i kommunen vore på veg ned. På 1970-talet budde det over 10 000 menneske i kommunen, i 2005 hadde dette sokke til litt over 7 000. Våren 2003 gjekk Odda Smelteverk konkurs, og kommunen er inne i ei omstillingsperiode for å skapa ny sysselsetting. Mellom anna har det vore forsøk på å satsa på kultur for å skapa ny vekst.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for noverande Odda kommune frå 1920:



























1.12.1920[1]
1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3][4]
1.1.1961[3][4]
1.1.1971[3]
1.1.1981[3]
1.1.1991[3]
1.1.2001[3]
1.1.2010[3]
7097
8444
9045
9522
10128
10046
9071
8283
7633
7047


Kulturliv |




Odda sentrum i februar 2004. Smelteverksområdet til høgre i biletet.




Kalkomnen ved Odda Smelteverk





Murboligen i Odda


Mange forfattarar kjem frå Odda. Mellom anna Frode Grytten tek utgangspunkt i livet i Odda i forteljingane sine. Til dømes tek romanen Bikubesong utgangspunkt i livet kring smelteverket og bustadblokka Murboligen i Odda.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har hovudsete i Tyssedal, men har òg ei avdeling med arbeidarbustader i Odda sentrum. Museet dokumenterer historie knytt til vasskraft og industri. Kommunen sin tusenårsstad er Tysso I kraftstasjon, som òg vart Århundrets byggverk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Stasjonen vart oppført mellom 1906 og 1918 og er i dag freda. Kraftstasjonen vert nytta både til utstillingar og konsertar.
Musikkmiljøet i Odda er variert. Odda Musikklag, Odda Skolekorps, Tyssedalkoret og Odda Songlag er fire hovudpunkt i musikklivet. Blueslaget Lokst Utøve er det største blueslaget i Noreg. Dei skipar til både helgefestivalar og enkeltkonsertar av høg kvalitet. Solistar og musikkgrupper er det mange av og dette er med på å skapa eit variert og livleg lokalsamfunn. Vasskraft og industrihistoria til området vart synt fram i framsyninga av Tyssedalkoret og DVD`en «Arven» hausten 2004. Odda Dramatiske Selskap syner årlege teater-framsyningar i Formannshuset.



Verdt å sjå |




  • Røldal stavkyrkje, ei stavkyrkje frå mellomalderen


  • Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal.


  • Odda kyrkje, ligg på Almerket i Odda sentrum. Bygd i 1870, pussa opp i 1950-åra. Ikkje open for turistar, anna enn i vanleg gudstenestetid. Infoside: www.oddakirken.no Tlf: 53650900.



Personar med tilknyting til Odda kommune |


Folk frå Odda vert kalla «oddingar».




  • Gro Holm, (1878–1951), forfattar


  • Erling Johnson (1893–1967), kjemikar som utvikla Oddaprosessen


  • Samson Isberg (1795–1873), skarprettar


  • Knud Knudsen (1832–1915), fotograf


  • Claes Gill (1910–1973), forfattar


  • Torbjørn Mork (1928–1992), helsedirektør


  • Øivind H. Solheim (f. 1947), forfattar


  • Anne Birkefeldt Ragde (f. 1957), forfattar


  • Arne Borgstrøm (f. 1959), symjar


  • Frode Grytten, (f. 1960), forfattar og journalist


  • Lars Ove Seljestad (f. 1961), forfattar og sosiolog


  • Bjørn Ingvaldsen (f. 1962), forfattar og leiar i Forfattarforeinga


  • Hallgeir Opedal (f. 1965) journalist og forfattar


  • Knut Olav Åmås (f. 1968), dr. philos., statssekretær


  • Cato Lægreid (f. 1981), frikøyrar på ski


  • Ingvill Måkestad Bovim (f. 1981), friidrettsutøvar


  • Håkon Opdal (f. 1982), fotballkeeper og landslagsspelar



Litteratur |



  • Odda i Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7


  • Randi Bårtvedt: «Vor gode bræ også i sommer beskuet af høifornemme øine» : møtet mellom turistar og bygdefolk i Odda 1861-1914, Hovudoppgåve i folkelivsgransking - Universitetet i Bergen, 1984

  • Odda kommune: Initiativ for å koma på UNESCO si liste over verda sin natur-og kulturarv Tyssedal kraftanlegg, Odda kommune, Odda 2004.


  • Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, Band I-III, Odda 1962-1967.

  • Trædal, L, Da storindustrien kom til Norge, H. Aschehoug & Co., 2005.



Kjelder |


  • Hardanger Folkeblad, 19.09.11: Odda får Høyreordfører




  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,13,23,33,43,53,6 Folkemengd i Odda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  4. 4,04,1 Folkemengd i Røldal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |



  • Odda kommune

  • Turistinformasjon Odda kommune


  • Odda si kommunale historie Interkommunalt arkiv Hordaland

  • Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda og Tyssedal

  • Hardanger Folkeblad, lokalavis for Odda og Hardanger

  • Hardanger Hotel i Odda

  • www.oddablues.no Blueslaget Lokst Utøve

  • Røldal Freeride Challenge, eit skirenn i Røldal


  • Kultur i Odda på kart frå Kulturnett.no












Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...