Aras Innhaldsliste Grenseelva | Soge | Populær kultur | Kjelder | NavigasjonsmenyVIAFGNDGeoNames


Elvar i TyrkiaElvar i ArmeniaElvar i IranElvar i AserbajdsjanInternasjonale elvar i AsiaDen armensk-iranske grensaDen armensk-tyrkiske grensaDen aserbajdsjansk-iranske grensaDen aserbajdsjansk-tyrkiske grensa


tyrkiskarmenskaserbajdsjanskpersiskkurdiskTyrkiaArmeniaIranAserbajdsjanErzurumAkhurjanDigorNakhitsjevanKuraKaspihavetArmenespatriarken HaikhellenisertKura-Araxes kulturenVolgaHerodotGihonEdens hage1813PersiaRusslandGolestan-traktatenSovjetunionenPoldasjtSystem of a Down













































Aras
elv

Jolfa-Aras2.jpg

Aras, Nakhitsjevan til høgre, og Iran til venstre.

Land

Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Armenia.svg Armenia Flag of Iran.svg Iran, Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan

Nedslagsfelt
102 000 km²


Lengd
1 072 km
Middelvassføring

285 m³/s

Kjelde

Provinsen Erzurum i Tyrkia
 - høgd
3 000 moh.
Munning

Kura



Wikimedia Commons: Aras River


Aras (òg kalla Araks, Arax, Araxi, Araxes, Araz, eller Jeraskh; tyrkisk Aras Nehri armensk Արաքս, aserbajdsjansk Araz, persisk ارس, kurdisk Aras eller Araz) er ei elv som renn gjennom landa Tyrkia, Armenia, Iran og Aserbajdsjan. Den totale lengda er 1 072 km.




Innhaldsliste






  • 1 Grenseelva


  • 2 Soge


  • 3 Populær kultur


  • 4 Kjelder





Grenseelva |


Aras har utspring nær Erzurum i Tyrkia. Ho møter elva Akhurjan søraust for Digor, og dannar så grensa mellom alle landa i området. Først mellom Tyrkia og Armenia, før ho vidare strøymer langs Tyrkia og Aserbajdsjan sin Nakhitsjevan-eksklave. Ho renn så vidare langs grensa av Iran og Nakhitsjevan, grensa mellom Iran og Armenia og så grensa mellom Iran og sjølve Aserbajdsjan, før ho møter elva Kura. Kura renn så ut i Kaspihavet.



Soge |


Namnet til Aras går heilt tilbake til det antikke Armenia. I antikken meinte Armenes, som ein trur er stamfaren til dagens armenarar, at vatnet var heilag. Ut i frå dette kalla han elva opp etter Arast, ein etterkomar av den legendariske armenske patriarken Haik.[1] Namnet vart seinare hellenisert til Araxes, og vart ein del av Kura-Araxes kulturen, eit prehistorisk folk som blømde i dalane til elvene Kura og Aras.


Fleire gonger er det derimot Volga som vert kalla Araxes, særleg i Herodot sine soger.


Enkelte meiner òg at Aras er elva Gihon, som er nemnd i andre kapittel av Bibelen. Gihon var ei av fire elvar som rann ut frå Edens hage


I moderne historie er Aras mest kjend som ei geografisk, politisk grense. I 1813 vart ho vald som grensa mellom Persia og Russland i Golestan-traktaten, der heile området nord for elva vart annektert til Russland. Iran og Sovjetunionen bygde seinare ei felles demning i elva i Poldasjt-området.



Populær kultur |


Elva Aras vert nemnd i songen «Holy Mountains» av musikkgruppa System of a Down på albumet Hypnotize.



Kjelder |





  1. Elisabeth Bauer. Armenia: Past and Present, p. 49. ISBN B0006EXQ9C






Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...