Osleidys Menéndez Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmenyee


EinskildkvinnerFødde i 1979Cubanske friidrettsutøvararSpydkastararVerdsmeistrar i friidrettOlympiske meistrar for CubaOlympiske meistrar i spydkastOlympiske bronsemedaljevinnarar for CubaMedaljevinnarar under sommar-OL 2000Cubanske deltakarar under sommar-OL 2000Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000Medaljevinnarar under sommar-OL 2004Cubanske deltakarar under sommar-OL 2004Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004Cubanske deltakarar under sommar-OL 2008Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008


kubanskHelsinki
















Osleidys Menéndez

Fødd
14. november 1979
Matanzas
Yrke
spydkaster, friidrettsutøvar

Osleidys Menéndez Sáez (fødd 14. november 1979) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Matanzas-provinsen som tevla i spydkast. Ho har vunne to VM-gull, 2001 og 2005, OL-gull i 2004, samt OL-bronse i 2000. Då ho vart verdsmeister i Helsinki i 2005 sette ho verdsrekord med 71,70 meter.



Aktiv |


Menéndez vann meistertittelen i spydkast ved junior-VM 1996 og forsvarte tittelen i 1998. Ho deltok under VM i friidrett 1997 i Aten og vart nummer sju. To år seinare kom ho på fjerdeplass ved friidrett-VM i Sevilla. Ved sommarleikane 2000 i Sydney vann ho bronsemedaljen.


Under VM i friidrett 2001 i Edmonton vart Menéndez verdsmeister for fyrste gong. Same sesongen sette ho ny verdsrekord med eit kast på 71,54 meter. I den neste verdsmeisterskapen, VM 2003 i Paris/Saint-Denis, enda ho på femteplassen.


Med eit bestekast på 71,53 m, ein einaste centimeter bak hennar eigen verdsrekord, sikra Menéndez seg gullmedaljen under dei olympiske leikane 2004 i Aten. Året etter forbetra ho verdsrekorden til 71,70 m då ho vann gullmedaljen under VM i friidrett 2005 i Helsinki. Verdsrekorden vart ståande i tre år.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1997 i Aten: Nr 7 - 63,76 m


  • VM 1999 i Sevilla: Nr 4 - 64,61 m


  • OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje - 66,18 m, bakom Mirela Maniani (67,51 m)


  • VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje - 69,53 m, framom Mirela Maniani (65,78 m)


  • VM i 2003 i Paris: Nr 5 - 62,19 m


  • OL 2004 i Aten: Gullmedalje - 71,53 m, framom Steffi Nerius (65,82 m)


  • VM i 2005 i Helsinki: Gullmedalje - 71,70 m, framom Christina Obergföll (70,03 m)


  • OL 2008 i Beijing: Nr 6 - 63,35 m


  • VM 2009 i Berlin: Nr 7 - 63,11 m



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Osleidys Menéndez» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2015.












Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...