Denise Lewis Aktiv | Kjelder | NavigasjonsmenyWorldCatVIAFLCCNISNI


EinskildkvinnerFødde i 1972Britiske friidrettsutøvararMangekjempararOlympiske meistrar for StorbritanniaDeltakarar under sommar-OL 1996Deltakarar under sommar-OL 2000Deltakarar under sommar-OL 2004


britiskWest BromwichBritish ColumbiaSabine BraunKuala LumpurEunice BarberFrankrikeFrankrike

















Denise Lewis

Denise Lewis (cropped).jpg

Fødd
27. august 1972
West Bromwich
Yrke
friidrettsutøvar

Denise Lewis på Commons

Denise Lewis (fødd 27. august 1972) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå West Bromwich. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2000, i 1998 vart ho europameister i same øvinga. I tillegg vann ho to gullmedaljar i samveldeleikar, to VM-sølv og ein OL-bronse.



Aktiv |


Lewis fekk sitt internasjonale gjennombrot då ho oppnådde 6 325 poeng og vann sjukampen ved samveldeleikane 1994 i Victoria i den kanadiske delstaten British Columbia. Året etter enda ho på sjuandeplassen i friidretts-VM 1995. Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 lukkast ho vinne bronsemedaljen.


Dei to neste sesongane steig Lewis begge åra ein plass opp på sigerspallen. Ho tok sølvmedaljen i sjukampen under VM 1997, einast tyske Sabine Braun plukka fleire poeng, medan det vart gullmedaljar både ved friidretts-EM 1998 i august og samveldeleikane i Kuala Lumpur i september 1998. Ved VM i friidrett 1999 måtte ho sjå seg slått av Eunice Barber, som representerte Frankrike.


Sommaren 2000 var Lewis i sitt livsform, og sette i slutten av juli månad personleg rekord med 6 831 poeng under mangekampstemnet i Talence i Frankrike. Åtte veker seinare opplevde ho høgdepunktet på friidrettsarenaen då ho vann gullmedaljen i sjukamp under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho stod over VM 2001 grunna skade, og EM 2002 grunna fødsel. I 2003 kom ho på femteplass under friidretts-EM, og i 2004 braut ho sjukampen i OL etter fem øvingar.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1995 i Göteborg: Nr 7 - 6 299 poeng


  • OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje - 6 489 poeng


  • VM 1997 i Aten: Sølvmedalje - 6 654 poeng, bak Sabine Braun (6 739)


  • EM 1998 i Budapest: Gullmedalje - 6 559 poeng, framom Urszula Włodarczyk (6 460)


  • VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje - 6 724 poeng, bak Eunice Barber (6 861)


  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje - 6 584 poeng, framom Jelena Prokhorova (6 531)


  • VM 2003 i Paris: Nr 5 - 6 254 poeng


  • OL 2004 i Aten: Braut



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Denise Lewis» frå Wikipedia på tysk, den 7. september 2016.





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...