Ballad of Hollis Brown Andre utgåver | Kjelder | Navigasjonsmenye


Songar frå 1964Bob Dylan-songarMordballadarSongar produserte av Tom WilsonSongar skrivne av Bob DylanSongar om dødSongar om sjølvmordSongar om fattigdomSongar om vald i heimenNazareth-songarNina Simone-songarLeon Russell-songarNeville Brothers-songarStephen Stills-songarDavid Lynch-songar


Bob Dylan1964bluesmunnspelappalacharanePretty PollySør-DakotaGuthrie




































The Ballad of Hollis Brown
song av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'


Utgjeve
13. januar 1964

Innspelt
7. august 1963

Sjanger

Folk

Lengd
5:06

Selskap

Columbia

Låtskrivar(ar)

Bob Dylan

Produsent

Tom Wilson

«Ballad of Hollis Brown» er ein song skriven av Bob Dylan, gjeve ut i 1964 på albumet hans The Times They Are A-Changin'.


Musikalsk er songen ein særs enkel blues. Albumutgåva vert spelt av Dylan aleine på ein akustisk gitar. Songen vart spelt inn alt for det førre albumet The Freewheelin' Bob Dylan, men kom ikkje med her. På denne første utgåva spelte han munnspel og slo berre akkordane i staden for å plukke notane som på den endelege albumutgåva.


I følgje Michael Gray var gitarstilen og melodistrukturen på «Hollis Brown» frå appalacharane, som hadde spelt slike musikkformer i nesten to hundre år. Både akkordane, melodien og versstrukturen på Hollis Brown er basert på balladen «Pretty Polly», ein song Dylan spelte på Gaslight Club berre to år tidlegare.


Teksten til songen består av 11 vers og omhandlar ein forblåst og fattig farm i Sør-Dakota der den fattige bonden (Hollis Brown), kona hans og dei fem borna hans lever i fattigdom. I desperasjon tar mannen livet av kona og borna med ei hagle.


Kritikar David Horowitz har sagt om songen: «I ein ballade tar ein vanlegvis avstand frå historia som vert fortalt. Denne balladen vert derimot fortalt i andreperson og ein får eit tett band til soga. Bluesperspektivet er kompromisslaust, isolert og sardonisk, og høver perfekt for å uttrykke den skitne røynda i Amerika på denne tida. Eit glimrande døme på hard, ironisk innsikt som ein kjenneteiknar med blues (samt den sterke underdrivelsen som Dylan lærte frå Guthrie) finn ein i dei siste linjene i Hollis Brown:



There's seven people dead on a South Dakota farm,

There's seven people dead on a South Dakota farm,


Somewhere in the distance there's seven new people born.»



Andre utgåver |


Mange artistar har spelt songen seinare:




  • Stone the Crows: The BBC Sessions Volume 1 (1969-1970) (1998)


  • Mike Seeger (i lag med Bob Dylan): Third Annual Farewell Reunion (1995)


  • Nina Simone: Let It All Out (1965)


  • Hugues Aufray: Chante Dylan (1965), Au Casino de Paris (1996)


  • Nazareth: Loud 'N' Proud (1974)


  • Leon Russell: Stop All That Jazz (1974)

  • Thee Headcoats


  • The Stooges: Death Trip (1987), Open Up og Bleed (1988)


  • Skully and The Fantastyx: Take My Time (2002), Take My Time (With Me?) (2002)


  • Stephen Stills: Stills Alone (1991)


  • Old Blind Dogs: Legacy (1995)


  • The Zimmermen: THe Dungeon Tapes (1996)


  • Kevn Kinney: The Flower & the Knife (2000)


  • Hootie and the Blowfish: A Tribute to Bob Dylan, Volume 3: The Times They Are A-Changin' (2000)


  • Dudley Connell og Don Rigsby: Another Saturday Night (2001)


  • Cornelis Vreeswijk: Kalle Holm (1972, svensk)


  • Entombed: Wreckage (EP, 1997), Black Juju (EP, 1998)


  • The Pretty Things: Balboa Island (2007)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ballad of Hollis Brown» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

    • Matt Cowe og Arthur Dick. Acoustic Masters for Guitar. Wise Publications, 2004.

    • Michael Gray. Song & Dance Man III: The Art of Bob Dylan. Continuum, 2000.

    • David Horowitz. "Bob Dylan: genius or commodity?" Peace News, 11/11/64.

    • Oliver Trager. Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books, 2004.


















































Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...