Kjell Jacob Sollie Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1953Norske langrennsløpararFolk frå Holtålen


langrennsløparÅlenSør-TrøndelagnoregsmeisterskapenTore GullenMagne MyrmoOddvar BråLars Erik EriksenFalunSven-Åke LundbäckNikolaj ZimjatovSovjetunionen
















Kjell Jacob Sollie

Fødd
1953
Yrke
langrennsløpar

Kjell Jacob Sollie (fødd 1953) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han driv i dag eit byggfirma i heimbygda Ålen i Sør-Trøndelag.


Sollie vann sølvmedaljen på 15 km under noregsmeisterskapen i langrenn 1977. Han kom i mål 3,7 sekundar etter noregsmeisteren, Tore Gullen, men seks og åtte sekundar føre dei neste på resultatlista, Magne Myrmo og Oddvar Brå. To år seinare vart det bronse på femmila under NM, berre Oddvar Brå og Lars Erik Eriksen gjekk fortare. Same sesongen gjekk han sitt truleg beste renn, han vart då nummer tre i verdscuprennet over 30 km i Falun, bak vinnaren, svensken Sven-Åke Lundbäck og Nikolaj Zimjatov frå Sovjetunionen. Sollie tevla for Ålen Idrettslag.



Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |



  • 1977: Nr 11 på 15 km i Holmenkollen

  • 1979: Nr 3 på 30 km i Falun



Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |



  • 1975: Nr 7 på tremila i Heddal

  • 1976: Nr 12 på 30 km i Surnadal

  • 1977: Sølvmedalje på 15 km i Vang

  • 1978: Nr 9 på 30 km på Konnerud

  • 1979: Bronsemedalje på 50 km i Rindal



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...