Bendik Bruk | Namneberarar | Kjelder | NavigasjonsmenyStatistisk Sentralbyrå


MannsnamnNorske førenamnFørenamn av latinsk opphavNamn knytte til kristendommen


mannsnamnBenediktnamnedag21. marsBengtBentBenBeateBenedikteBenteBendik og Årolilja1980-talet






Gravstein for Bendix Passig i Schleswig-Holstein.


Bendik er eit mannsnamn, ei hovudsakleg norsk form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'. Bendik har namnedag den 21. mars. Namnet finst òg med skrivemåtane Bendic, Bendick, Bendiks og Bendix, dei sistnemnde òg i Danmark.


Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Bengt, Bent og Ben, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.



Bruk |


Namnet Bendik er nesten berre brukt i Noreg, der det er kjend frå 1300-talet. Det blir mellom anna brukt i den mellomalderske riddarvisa «Bendik og Årolilja».


I nyare tid har namnet vore nokså lite brukt fram til 1980-talet, då bruken voks kraftig. Namnet nådde toppen av populariteten mot slutten av 1990-talet, før populæriteten gjekk raskt ned igjen.


I 2009 var det rundt 1 830 norske menn som heitte Bendik.



Namneberarar |





Bendik Riis.




  • Bendix Ebbell (1865–1941), norsk lege og teolog


  • Bendix Joachim Ebbell (1869–1937), norsk forfattar


  • Bendik Riis (1911-1988), norsk kunstnar og forfattar


  • Bendik Rugaas (f. 1942), norsk politikar (Ap)


  • Bendiks H. Arnesen (f. 1951), norsk politikar (Ap)


  • Bendik Hofseth (f. 1962), norsk jazzmusikkar (saksofon), plateprodusent og komponist


  • Bendik Wold (f. 1979), norsk journalist og samfunnsdebattant



Kjelder |


  • Søk etter norsk namnestatistikk for Bendik hjå Statistisk Sentralbyrå


  • Denne artikkelen bygger på «Bendik» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2009.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...