Hvalfjörður Bakgrunnsstoff | Kjelde | NavigasjonsmenyBilete 1Bilete 264°23′N 21°40′WGeoNames


Fjordar på Island


KvalfjordenfjordIslandMosfellsbærAkraneskvalanesildefiskeriden andre verdskrigenmarinebasebritiskeamerikanskeReykjavíkBorgarnes1998HvalfjarðargönginvulkanskelupinarbjørkbartreGlymur






Hvalfjörður




Botnsdalur sett frå Hvalfjörður


Hvalfjörður (Kvalfjorden) er ein fjord vest på Island mellom Mosfellsbær og Akranes. Fjorden er om lag 30 km lang og 5 km brei.


Namnet Hvalfjörður kjem av dei mange kvalane som finst her. Fram til 1980-åra låg ein av dei største kvalstasjonane på Island i fjorden. Tidlegare låg det òg mange sildefiskeri her.


Under den andre verdskrigen låg det ein marinebase for den britiske og den amerikanske marinen i fjorden. Eit av kainanlegga som vart bygd av den amerikanske marinen vart seinare nytta av kvalselskapet Hvalur fram til kommersiell kvalfangst vart nedlagd i åttiåra.


Fram til seint på 1990-talet måtte reisande med bil ta ein lang omveg 62 km rundt fjorden for å kome seg frå Reykjavík til byen Borgarnes. I 1998 opna tunnelen Hvalfjarðargöngin, som gjorde reisa mykje kortare. Tunelen er om lag 5,7 km lang og kuttar reisetida med bil rundt fjorden med om lag ein time. Tunnelen går til eit djup på 165 meter under havoverflata.


Reisande mistar derimot ein del vakker natur på vegen. Innerst i fjorden finn ein ei blanding av vulkanske fjell og grøn vegetasjon om sommaren. Ved Botnsá kan ein t.d. sjå lupinar, forskjellige andre blomar og mose, i tillegg til ein liten skog av bjørk og bartre. Denne skogen er planta, eit prosjekt som har pågått på Island i nokre år.


Turen til det høgaste fossefallet på Island, Glymur, startar frå botn av fjorden.



Bakgrunnsstoff |



  • Bilete 1

  • Bilete 2



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hvalfjörður frå Engelsk Wikipedia .



Koordinatar: 64°23′N 21°40′W





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...