Hawaiiske klede Innhaldsliste Historie | Hulakostyme | Merknadar | Kjelder |...


HawaiiUSA-amerikanske kledeNordamerikanske kledeKlede i Stillehavet


HawaiileihawaiiskjortebastfiberkapalendekledeJohn WebberJohn WebberRembrandt PealeMikhail TikhanovRobert DampierkalikobomullcheongsamensorgBessie WheelerTheodore WoreshawaiiskjorteDuke KahanamokuhuladansKiribati






Tidlegare guvernør og kona hans, Ben og Vicky Cayetano, i typiske hawaiiske klede under den 100. King Kamehameha Parade i 2016


Hawaiiske klede byggjer på klede som er tradisjonell på Hawaii og på innført kultur og materiale. Nokre kjende døme er kransar (lei), skjørt og aloha- eller hawaiiskjorte.


Tradisjonelle klede på Hawaii blei laga av bastfiber frå ulike plantar.
Ein kunne også bruka blad, blomar, fjører og dyretenner til klede og pynt.[1]
Moderne hawaiiske klede er påverka av innvandring og handel frå Asia, Europa og Nord-Amerika. Dei er laga av naturlege tekstilar, som bomull og silke, og syntetiske tekstilar.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Kvinneklede


    • 1.2 Mannsklede




  • 2 Hulakostyme


  • 3 Merknadar


  • 4 Kjelder





Historie |


Kledet ein laga av bast blei kalla kapa på Hawaii.[a] Det kunne brukast til lendeklede (malo) for menn, skjørt (pa'u) for kvinner og kappar (ʻahu ʻula og kihei) for høgstståande personar.[1] Regnkapper av vovne ti-blad kalla kui lai blei brukt under regntida.[2]
Kongelege kunne bruka fargerike fjørkapper kalla ahu ula, hjelmaktige hovudplagg kalla mahiole og lei-kransar som teikn på status.[1]




Kvinneklede |




Guvernør og prinsesse Ruth Keelikolani i hokolu.


Ein brukte fleire lag klede til ein pa'u, nokre få lag for vanlege kvinner og opptil ti lag for kongelege.
Kapastoff var nokså stivt og heldt seg ikkje godt om det blei utsett for vatn. Dei kongelege var raskt ute med å bytta det ut med importert kalikobomull.[3]



Kroppsdekkjande kjolar blei innført på Hawaii av kristne misjonærar frå 1820.[4] Som på ei rekkje andre stillehavsøyer mislikte dei den lettkledde tradisjonelle klesdrakta, og insisterte på kjolar rundt misjonane og hjå dei konverterte innfødde.[3]
Ein hawaiisk variant av desse kjolane er holoku, fotside kjolar som opphavleg var formlause men utvikla seg til formsydde kjolar med slep.
Kjolen blei først teken i bruk av hawaiiske kongelege, og var rundt 1835 blitt standard klesdrakt for kvinner på Hawaii.
I byrjinga blei han ofte brukt med pa'u utanpå. Frå rundt 1870-talet blei han påverka av vestleg mote, men fann ei fastlagd form ved slutten av hundreåret.[3]
I dag finst holoku i fleire utformingar, men har gjerne rysjer og puffermer. Han er ofte svart eller kvit.[3]
Plagget blir gjerne brukt i formelle og kulturelle samanhengar på Hawaii.[3][5]


Ein hawaiisk kjole som er blitt meir kjend interasjonalt er muumuu, ein laus kjole som heng rett ned og tradisjonelt ikkje hadde krage.[6]
Han blir ofte laga av fargerike, mønstra stoff, gjerne med blomemotiv.[7]


Det finst ulike variantar av dei to kjolane nemnde over, som holomu, ein formsydd muumuu, he-muu, ein muumuu for menn, eller chinamu, ein muumuu med splitt i sida som i den kinesiske cheongsamen.[8]




Mannsklede |




Billy Kenoi, hawaiisk borgarmeister med hawaiiskjorte og to lei-kransar.


Menn gjekk gradvis over frå å vera barbrysta med lendeklede til å bruka bukser og skjorter. Ein kunne bruka ulike kombinasjonar av plagga, som lendeklede med skjorte til.


Aloha- eller hawaiiskjorte oppstod på 1930-talet, opphavleg sydd av fargerike japanske stoff som blei importert til øyene på grunn av dei mange japanskætta innbyggjarane der. Mot slutten av 1930-åra hadde lokale kjøpmenn byrja å laga tøy særskild for skjorteproduksjon med fargerike, ofte typisk hawaiiske motiv.[9]
Alohaskjorter og plagg med liknande motiv blir ofte brukt som uniform i turistindustrien.[10]




Hulakostyme |




Malia Kaleikoa fotografert ca. 1900 i hulakostyme.


Kostyme brukt i huladans byggjer på tradisjonelle klede med nyare påverknader. Dei nytter moderne tekstilar som kan vera mykje meir omfattande enn dei gamle barkekleda. Det finst ulike stilar for ulike dansar, som dans retta mot turistar og dans som eit sosialt høve for lokale.


Tradisjonell huladrakt kunne vera kapaklede rundt livet, eller fletta til skjørt, lei-kjeder rundt halsen og ankelkjede av villsvin- eller hundetenner.[11]
Etter innføringa av kjolar kunne hula dansast i holoku eller muumuu med lauv- eller grasskjørt over.[12]
Det typiske hawaiiske grasskjørtet blei innført av plantasjearbeidarar frå Gilbertøyane (Kiribati) på 1880-talet.[13]


I dag kan ein bruka ulike kombinasjonar av kjolar, toppar, pa'u og grasskjørt.
Kokosnøtt-behå blir berre brukt til turistshow eller som humoristisk verkemiddel.[14]




Merknadar |





  1. Kapaklede er elles ofte kjend som tapa mange andre stader i Stillehavet.




Kjelder |





  1. 1,01,11,2 Clothing, HawaiiHistory.org 



  2. Teri Freitas Gorman (September–October 2011), «Wrapped in Tradition», Maui Nō Ka ʻOi Magazine  CS1 maint: Date format (link)



  3. 3,03,13,23,33,4 Linda Boynton Arthur, History of Hawaiian Holoku 


  4. Diamond, Heather A. (2008-01-01). American Aloha: Cultural Tourism and the Negotiation of Tradition (på engelsk). University of Hawaii Press. s. 15. ISBN 9780824831714. 


  5. Linda Boynton Arthur (1994), A BRIEF HISTORY OF THE DESIGN EVOLUTION OF THE HAWAIIAN HOLOKU, arkivert frå originalen 14. desember 2003 


  6. «muʻu.muʻu», Hawaiian Dictionary (Ka puke wehewehe a Pukui/Elbert) Kuleana kope, 2003 


  7. Y. Chen (4. mars 2017), O. Wallace, red., What is a Muumuu?, Conjecture Corporation 


  8. Day, A. Grove (1951), «How to Talk in Hawaii», American Speech: 18–26, doi:10.2307/453309  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp)


  9. Brown, DeSoto (1994), «Beautiful, Romantic Hawaii: How the Fantasy Image Came to Be», The Journal of Decorative and Propaganda Arts: 257-259, doi:10.2307/1504126  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp)


  10. Desmond 1997, s. 90.


  11. Pollenz 226.


  12. Pollenz 229-230.


  13. Paula Rath (24. april 2003), ISLAND STYLE. Museum exhibit traces history of hula attire 


  14. Desmond 1997, s. 24.



  • Desmond, Jane C. (1997), «Invoking "The Native": Body Politics in Contemporary Hawaiian Tourist Shows», TDR (1988-) (The MIT Press) (4 (Winter, 1997)): 83–109  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp)


  • Pollenz, Philippa (1950), «Changes in the Form and Function of Hawaiian Hulas», American Anthropologist, New Series (2): 225–34  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp)








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...