Valmuefrø Innhaldsliste Historie | Bruk | Produksjon | Stoffinnhald | Kjelder |...


Etande frøValmueslekta


frøopiumsvalmuenbakverkEbers PapyrusDen minoiske kulturenSumervalmueoljeeuropeisk matlagingsørasiatisk matTsjekkiaTyrkiaSpaniaopiummorfin






Nærbilde av ulike valmuefrø




Tørka frøkapslar og frø.


Valmuefrø er frø frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum).[1] Dei blir brukt til matlaging, mellom anna i ei rekkje former for bakverk.


Dei er små, nyreforma frø som er mindre enn ein millimeter lange.[2] Ein treng rundt 3 300 frø for å få eit gram.[3] Dei kan vera svarte, blågrå eller kvitlege på farge.[4]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Bruk


  • 3 Produksjon


  • 4 Stoffinnhald


  • 5 Kjelder





Historie |


Gamle medisinke tekstar frå ulike oldtidskulturar nemner valmuefrø. Til dømes lister den egyptiske papyrusrullen kjend som Ebers Papyrus, skriven ca. 1550 f.Kr., opp valmuefrø som eit beroligande middel.[5]Den minoiske kulturen (ca. 2700-1450 f.Kr.), ein bronsealderkultur på Kreta, dyrka valmuar for frøa deira, og brukte ei blanding av mjølk, honning og opium til å roa gråtande spebarn. The Også i Sumer er det kjend at dei dyrka valmuefrø.[3]



Bruk |


Valmuefrø blir ofte brukte til baking. Dei kan brukast heile i deigen eller på skorpa. Ein kan også mala dei til ein deig som til dømes kan brukast som fyll eller i sausar. Ein kan også pressa valmueolje frå dei.


Dei farga er mest brukte i europeisk matlaging, medan dei lyse er mest brukte i sørasiatisk mat.[4]



Produksjon |

































Valmuefrøproduksjon – 2016
Land

(tonn)

Tsjekkia Tsjekkia

28 574

Tyrkia Tyrkia

18 205

Spania Spania

13 377

Ungarn Ungarn

8 948

Frankrike Frankrike

5 777
Verda
92 610
Kjelde: FAOSTAT ved SN[6]

I 2016 blei det produsert 92 610 tonn valmuefrø i verda. Det største produsentlandet var Tsjekkia, som stod for 31 % av verdsproduksjonen, følgd av Tyrkia og Spania.[6]



Stoffinnhald |


Frøa til alle valmuar ligg inne i ein stor frøkapsel. Sidan valmuefrø kjem frå same type plante som blir brukt til å laga opium, kan dei innehalda små mengder av dei stoffa som finst i opium, som morfin. Opium blir laga av saft frå frøkapselen. Frøa inneheld noko opiumsstoff sjølv, og kan også ha litt stoff frå safta. Årstida og kor godt frøa er vaska vil påverka kor mykje av stoffet som finst i dei.


Det viktigaste smaksstoffet valmuefrø inneheld er 2-pentylfuran.[7]



Kjelder |




  1. Mørland, Jørg (13. februar 2009). «Valmuefrø». Store medisinske leksikon. Henta 14. august 2017. 


  2. Yearbook of Agriculture. United States Government Printing Office. 1896. s. 203. 


  3. 3,03,1
    McGee, Harold (2004). On Food and Cooking: The Science and Lore of the Kitchen. Simon and Schuster. s. 513. ISBN 978-0-684-80001-1. 



  4. 4,04,1 «Poppy seeds recipes». BBC Food. Henta 21. august 2018. 


  5. Raghavan, Susheela (2006). Handbook of spices, seasonings, and flavorings. CRC Press. s. 158. ISBN 978-0-8493-2842-8. 


  6. 6,06,1 «Poppy seed production in 2016, Crops/Regions/World list/Production Quantity (pick lists)». UN Food and Agriculture Organization, Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2017. Henta 10 June 2018. 


  7. Yiu H. Hui, Handbook of Food Science, Technology, and Engineering. CRC Press 2006. ISBN 0-8493-9848-7



  • Denne artikkelen bygger på «Poppy seed» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2018.







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...