Metrosideros bartlettii Innhaldsliste Skildring | Vern | Dyrking | Sjå òg | Kjelder |...


Kritisk truga artarMyrtefamilienPlanteliv på New Zealand


endemiskeNew Zealandkritisk trugaIUCNNordøyaSpirits BayAucklandCape ReingaepifyttstøvberararskogbrannNgāti KurīDepartment of Conservationstiklingar













































Metrosideros bartlettii

Metrosideros bartlettii
Metrosideros bartlettii

Status
Status i verda: CR Kritisk truga

Systematikk

Rike:

Planteriket Plantae

Underrekkje:

Frøplantar Spermatophytina

Orden:

Myrteordenen Myrtales

Familie:

Myrtefamilien Myrtaceae

Underfamilie:

Myrtoideae

Stamme:

Metrosidereae

Slekt:
Metrosideros

Art:

M. bartlettii

Vitskapleg namn

Metrosideros bartlettii

J.W.Dawson, 1986


Metrosideros bartlettii, på engelsk også kalla Bartlett's rātā, Cape Reinga white rātā og på maori Rātā Moehau,[1] er ein av tolv Metrosideros-artar som er endemiske på New Zealand. Treet er svært sjeldan, og er rekna som kritisk truga av IUCN.[2] Det er kjenneteikna av kvite blomar i ei slekt der raude blomar er mykje vanlegare.


Treet har eit utbreiingsområde heilt nord på Nordøya ved Te Paki, i tre område med tett urskog nær Spirits Bay (34° S) som ikkje er øydelagde av brann — Radar Bush, Kohuronaki Bush og Unuwhao Bush. Ein kjenner berre til 25 utvaksne tre i vill tilstand (ned frå 34 i 1992),[3] og dei fleste av desse er anten sjuke eller i ferd med å døy.[4]




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Vern


  • 3 Dyrking


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Fotnotar


    • 5.2 Kjeldeliste




  • 6 Bakgrunnsstoff





Skildring |




Blada til Bartletts rātā smalnar til ein spiss i enden.





Metrosideros bartlettii er uvanleg i Metrosideros-slekta med sine kvite blomar - «like snow over the tree crowns.»[5]


Metrosideros bartlettii blei oppdaga for vitskapen i 1975 av John Bartlett, ein lærar frå Auckland. Han fann eit uvanleg tre i Radar Bush, 9.,5 km søraust for Cape Reinga. Det gjekk nesten ti år før blomane blei sanka, slik at treet kunne få ei vitskapleg skildring.[6]


Bartletts rātā kan bli opptil 30 meter høgt. Stammen kan ha ein diameter på 1,5 meter. Det byrjar vanlegvis livet som ein halv-epifytt på tre som taraire (Beilschmiedia tarairi), pūriri (Vitex lucens), rewarewa (Knightia excelsa) eller trebregnar (Cyathea). Det kan også veka på bakken, på fjellutspring eller klipper.


Treet har kvite blomar danna av ei stor mengd støvberarar i november eller desember. Frøa mognar i mars eller april.
Bartletts rātā minner om nordleg rātā (Metrosideros robusta), men skil seg frå dette gjennom dei små kvite blomane og blada. Desse smalnar til ein spiss i enden, medan dei til nordleg rātā har hakk i enden. Eit anna særmerke er den kvite eller kvitgråe borken som kan skala av i mjuke flak. Dette trur ein kan vera med på å verna mot brannskader, noko som kan ha hjelpt treet klara seg i eit område med mykje skogbrann.



Vern |




Sikadehud på borken til ein Bartletts rātā.


Ein kjenner berre til 25 vaksne Bartletts rātātre som veks vilt. Mange av individa er isolerte frå andre tre slik at det blir lite krysspollinering mellom dei, og trea dannar få frø. DNA-analysar har vist at det er lite genetisk variasjon blant trea. Arten er også sårbar for beitande dyr, og i fare for å bli øydalagde av brannar eller endringar i landskapsbruken til landeigarar.


Iwien Ngāti Kurī og Department of Conservation på New Zealand har arbeidd saman om å auka talet på tre. Det er planta 360 tre i Radar Bush og Kohuronaki Bush. Det blir også drive arbeid med planting i Unuwhao Bush, den viktigaste veksestaden til treet, og med å etablera nye veksestader nord på New Zealand med frø frå alle dei gjenverande områda av vaksne tre. Dette skal maksimera genetisk mangfald blant trea.[7]



Dyrking |


Treet blir dyrka i hagar og liknande, men dei fleste dyrka trea stammar frå éin plante.
Trea spirer lett frå friske frø, og kan også formeira seg gjennom stiklingar, sjølv om dei er seine til å slå rot.
Bartletts rātā føretekker solfylte veksestader med næringsrik, veldrenert jord. Plantar som er blitt dyrka på New Zealand er relativt hardføre i ei rekkje tilhøve, og har overlevd mild frost - noko som ikkje førekjem i det naturlege habitatet deira.



Sjå òg |




  • Metrosideros excelsa, pōhutukawa


  • Metrosideros robusta, nordleg rātā


  • Metrosideros umbellata, sørleg rātā


  • Metrosideros parkinsonii, Parkinsons rātā



Kjelder |



Fotnotar |





  1. «Te Paki Recreation Reserve». New Zealand Department of Conservation. Henta 21 September 2015. 


  2. de Lange, P. 2014. Metrosideros bartlettii. The IUCN Red List of Threatened Species 2014. Downloaded on 29 October 2015.


  3. «Metrosideros bartlettii». http://www.nzpcn.org.nz/flora_details.aspx?ID=24. New Zealand Plant Conservation Network.  External link in |website= (hjelp); Missing or empty |url= (hjelp)


  4. «2014 Favourite Native Plant». http://www.nzpcn.org.nz/. New Zealand Plant Conservation Network. Henta 20 December 2014.  External link in |website= (hjelp)


  5. Dawson, J. W. (1985-12-01). «Metrosideros bartlettii (Myrtaceae) a new species from North Cape, New Zealand». New Zealand Journal of Botany 23 (4): 607–610. ISSN 0028-825X. doi:10.1080/0028825X.1985.10434231. 


  6. «Bartlett’s rātā - Global Trees». Global Trees (på engelsk). Henta 2017-11-13. 


  7. Collings, Janeen (2010). «Rata Moehau - the Big Rata Asleep On the Hill (Aka Bartlett's) - Gets Going». New Zealand Plant Conservation Network. Henta 21 September 2015. 




Kjeldeliste |




  • «Dawson, J.W., 1985. Metrosideros bartlettii (Myrtaceae) a new species from North Cape, New Zealand.» (PDF). New Zealand Journal of Botany, 1985, Vol. 23: 607-610. Henta 2010-10-07. 


  • «Metrosideros bartlettii». New Zealand Plant Conservation Network. Henta 2010-10-02. 

  • Simpson, P., 2005. Pōhutukawa & Rātā: New Zealand's Iron-Hearted Trees. Wellington: Te Papa Press.


  • «Drummond, RSM, et al. , 2000. 'Genetic analysis and conservation of 31 surviving individuals of a rare New Zealand tree, Metrosideros bartlettii (Myrtaceae).». Molecular Ecology, 2000, Vol. 9: 1149-1157. Henta 2010-06-25. 



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Metrosideros bartlettii


  • Project Crimson



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...