Ulf Torgilsson Innhaldsliste Bakgrunn | Herskar over Danmark | Drapet i Roskilde | Referansar |...


EinskildmennFødde i -Fødde den 10. hundreåretDøde i 1026Folk frå vikingtidaDøde i 1020-åra


10. hundreåret-1026RoskilderiksforstandarKnut den mektigeTorgils SprakaleggEstrid SveinsdotterSvein EstridssonmetronymKnut den mektigeHardeknutAnund JakobHelgeåLucius-kyrkja






































Ulf Torgilsson
Fødd 10. hundreåret
Død
1026
Roskilde
Tittel Regent
Hus eller slekt Munsöætten
Land Danmark
Far Thorgils Sprakeleg
Ektefelle Estrid Margarete Sveinsdatter
Barn
Svend Estridsen, Beorn Estrithson, Asbjørn jarl

Ulf Torgilsson jarl (fødd 10. hundreåret -, daud 1026 i Roskilde) var ein dansk stormann og riksforstandar, og ein av kong Knut den mektige sine jarlar.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Herskar over Danmark


  • 3 Drapet i Roskilde


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


Ulf (norrønt Úlfr) var son av Torgils Sprakalegg, ein dansk, truleg skånsk, stormann og vikinghovding. Om lag år 1015 vart Ulf gift med Estrid Sveinsdotter, syster til kong Knut den mektige. Med henne fekk han sønene Bjørn og Svein, sistnemnde vart dansk konge under namnet Svein Estridsson (han fekk namn etter mora, dvs. metronym namneskikk). Slik vart han stamfar til dei danske kongane som regjerte i tida 1047-1375.


Ulf jarl var med kong Knut den mektige då han invaderte England i 1015. Han vart nemnd som «duke» i England og namnet hans finst som vitne på nokre engelske charter. Etter 1024 vart han innsett som riksforstandar i Danmark, i periodar då kong Knut var ute av landet, og han var fosterfar til Hardeknut, sonen til kong Knut.



Herskar over Danmark |


I år 1026 gjorde kong Olav Haraldsson i Noreg ein allianse med den svenske kongen Anund Jakob, og dei to samla styrkane sine og la ut på hærferd for å legge under seg Danmark.
På denne tida var kong Knut i England, og Ulf jarl fekk då overtalt danane til å velje den unge Hardeknut til konge. Som Hardeknut sin formyndar, vart Ulf jarl dermed i røynda herskar over Danmark. Ulf jarl argumenterte med at då fekk danskane ein konge som dei kunne samlast om, når landet var truga av ein invasjon.


Då kong Knut fekk tidendar om krigstoget, rusta han ut ein stor flåte og segla til Danmark for å verje riket. Snorre skriv at Håkon Eriksson jarl var ein av hovdingane, og mange norske stormenn som hadde kome i opposisjon til kong Olav, var med i styrken. Dei norsk/svenske styrkane vart då jaga ut av Sjælland og det kom til eit stort slag ved Helgeå i Skåne. Det ser ut til at Ulf jarl i førstninga støtta dei norsk/svenske styrkane, men då han skjøna at kong Knut kunne kome til å få siger, fann han det formålsteneleg å «byte side»" og han slutta seg til den danske styrken og var med på å jage fiendehæren på flukt.



Drapet i Roskilde |




Kong Knut kom i usemje med Ulf Torgilsson jarl under eit sjakkspel. Teikning av M. Meredith Williams (1913).


Kong Knut tykte likevel at Ulf jarl hadde gjort eit svik mot han, og då dei kom attende til Roskilde etter slaget, gav han ordre om at jarlen skulle drepast. Snorre dikta ei heil forteljing om denne hendinga, slik det var vanleg i norrøn historieskriving, og han lar misstemninga mellom dei to tilspisse seg under eit sjakkparti. Kong Knut gjorde eit uheldig trekk og jarlen tok ein riddar (springar), men kongen tok att brikka og bad han gjere eit anna trekk. Snorre held fram slik:[1]


Jarlen vart sint og slo sjakk-bordet over ende og gjekk bort. «Flyr du no, Ulv redde!» sag kongen. Jarlen snudde seg i døra og sa: «Du hadde flydd lenger i Helga å, hadde du sloppe til. Du kalla meg ikkje Ulv redde, då eg la til og hjelpte deg, då sveane slo dykk som hundar.» Dermed gjekk jarlen ut og la seg til å sove, og straks etter gjekk kongen i seng.

Morgonen etter sa kong Knut til ein skosvein at han skulle drepe Ulf jarl, men sveinen unndrog seg oppdraget då jarlen hadde gått inn i Lucius-kyrkja, og Snorre sluttar av soga slik:


Det var ein mann som heitte Ivar Kvite, av norsk ætt. Kongen sa til Ivar: «Gå du og drep jarlen.» Ivar gjekk til kyrkja og inn i koret og stakk sverdet igjennom jarlen, og Ulv jarl lét livet straks. Då gjekk Ivar til kongen med det blodute sverdet. «Drap du jarlen?» sa kongen. «Ja, eg drap han,» svara han. «Det var rett,» sa kongen.

Mest truleg var forteljinga om sjakkspelet fri dikting, utan historisk grunnlag, men det er grunn til å tru at kjernen i episoden: drapet på Ulf jarl, verkeleg skjedde. Ulf jarl vart sjølvsagt ikkje drepen på grunn av usemja i sjakkspelet, men fordi han hadde sveke kong Knut.


Snorre si forteljing er truleg den første skildringa av eit sjakkspel[2] i den norrøne litteraturen.



Referansar |





  1. Soga om Olav den Heilage kap.153


  2. Sjakkhistorie.no (PDF)




Bakgrunnsstoff |



  • Jarl Gallén: «Vem var Ulf jarl, Sven Estridsens far?». Scandia 58, 1992. (ss. 13-30).


  • Knytlinga saga, kap. 5 og 11.




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...