Rudi Smidts Innhaldsliste Kjelder | Navigasjonsmenyeu-footballe


EinskildmennFødde i 1963Belgiske fotballspelararRoyal Antwerp-spelararSpelarar i Fotball-VM 1994


Royal AntwerpBelgiasAntwerpenKV MechelenfinalenCupvinnarcupenWembley stadionLondonParma FCRomaniaVM i fotball 1994USA
























Rudi Smidts

Statsborgarskap Belgia
Fødd
12. august 1963
Deurne
Idrett
fotball
Yrke
fotballspelar

Rudolf Smidts, kjend som Rudi Smidts, (fødd 12. august 1963) er ein belgisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Deurne. Han spelte meir enn 10 år på Royal Antwerp og deltok i 33 landskampar for dei raude djevlane, kallenamnet til Belgias fotballandslag.




Innhaldsliste






  • 1 Klubbspel


  • 2 Landslagsspel


  • 3 Merittar


  • 4 Kjelder





Klubbspel |


Smidts var venstreback på Royal Antwerp i tida 1984-98. Særs godt spelte han frå då han nærma seg 30 år. Han vert rekna som ein av dei beste sidebackane i soga til Antwerpen-klubben. Høgdepunkta som klubbspelar kom i 1992 og 1993. Den 7. juni 1992 vann Royal Antwerp den belgiske cupmeisterskapen mot KV Mechelen, etter 2-2 i spel og 9-8 i straffeskyting. Våren etter tok dei belgiske cupvinnarane seg til finalen i Cupvinnarcupen, på Wembley stadion i London vart det tap 1-3 mot Parma FC.



Landslagsspel |


Smidts deltok i 33 landskampar for Belgia i tida 1992-97. Han skåra eitt einaste landslagsmål, sigersmålet då Belgia på heimebane 14. oktober 1992 slo Romania 1-0, i det som var Smidts andre kamp i landslagstrøya. Han spelte i alle fire kampane til Belgia under VM i fotball 1994 i USA.



Merittar |



  • Cupvinnar i Belgia: 1992 med Royal Antwerp

  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1993 med Royal Antwerp



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Rudi Smidts» frå Wikipedia på nederlandsk, den 2. april 2019.


  • eu-football










Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...