Reykjanes Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny63°52′12″N 22°33′30″W


Halvøyar på Island


Reykjaneshalvøyaisl.NesetvulkansktuffjordvarmeSkálafellValahnúkurValborgargjá1900-taletfyretIsland1878Reykjanesviti1896Bæjarfell






Typisk lavalandskap i området


Reykjanes (blir uttala rett fram bortsett frå at 'k' og 'j' er separate lydar) er den yttarste delen av Reykjaneshalvøya (isl. Reykjanesskagi). Neset er vulkansk, det er låge fjell og åsar av tuff (moberg), jordvarme, klippestrender og lava som har rent i sjøen. På Reykjanes er Skálafell som er høgast og Valahnúkur som er lengst ut dei mest kjente. Kvart år bryt sjøen av mykje av Valahnúkur, spesielt mykje når det er storm. Somme stader grev sjøen ut mjukt materiale i vasslina medan det hardare berget over held. Da blir det innholt og når det er kraftige bølgjer blir det skapa mykje lyd og kraftige skumfontener som er sjåverdig.


Søraust for Valahnúkur er det eit gjel som heiter Valborgargjá. Her er det ei fordjuping med vatn som tidlegare var lunkent. Det var eit skur her tidleg på 1900-talet og ein hadde symjeundervising her. Dette var før dei mange offentlege bada kom til på resten av Island og stadig lever det gamle folk som hugsar at dei lærte å symje her. Ein reknar med at namnet på juvet opphavleg var Valabjargagjá (samanheng med fjellet Valahnúkur som au heiter Valabjörg), som har forandra seg til Valbjargargjá og vidare til Valborgargjá.




Det første fyret på Island blei reist på Reykjanes i 1878 og blei kalla Reykjanesviti (isl. 'viti' er det same som det gammalnorske 'vete' og tyder 'varde'). Det stod på Valahnúkur til jordskjelvet i 1896 øydela grunnen til fyret. Eit nytt blei bygd på Bæjarfell 400 m frå Valahnúkur, men på grunn at Skálafell delvis skygger dette blei det bygd eit tilleggsfyr på Skemmi.





Bakgrunnsstoff |


  • http://www.reykjanes.is

Koordinatar: 63°52′12″N 22°33′30″W







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...