Historia Regum Britanniae Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyWorldCatVIAFGNDLCCNBNFBNF (data)SUDOC


Engelsk historieHistorieverkBøker frå 1100-talet


krønikeGeoffrey av Monmouth1136Storbritanniatrojanaraneangelsaksiske7. hundreårrimkrønikenkeltiskenormannaraneWikisource




Historia Regum Britanniae ('Soga om dei britiske kongane') er ei krønike skrive av Geoffrey av Monmouth i ca 1136.


Verket er bygd opp av biografiar over kongane i Storbritannia over ein periode på to tusenår. Det startar i mytisk tid med trojanarane og held fram til dei angelsaksiske kongane i det 7. hundreår.


Som historieskriving er teksten etter moderne standard uferdig og av tvilsam truverd, men samstundes er det ein av dei viktigaste kjeldene til fragment av tidleg engelsk historie. Det er også opphavet til ei rekkje britiske legender som er spunne omkring herskarane. Dei fleste historikarar ser på verket nærmast som ei historisk roman med ein del fakta blanda inn.


Krønika oppnådde ein enorm popularitet i samtida, og ein kjenner til eit par hundre avskrifter av verket. Omsetjinga av Historia Regum Britanniae til fransk i åttetaktars parrima vers gav opphav til ein heil sjanger som heldt seg populær gjennom store delar av mellomalderen - rimkrøniken.


Geoffrey ser ut til å setje dei keltiske britane som levde på øyene før angelsakserne kom høgast. Historia Regum Britanniae blei då også brukt politisk for å rettferdiggjere erobringa normannarane gjorde av det landet som angelsaksarane ein gong hadde rana til seg.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Historia Regum Britanniae» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2008.



Bakgrunnsstoff |






Wikisource

Originaltekst av Historia Regum Britanniae ved Wikisource.






Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...