Helmer Osslund Innhaldsliste Notar | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1866Døde i 1938Svenske målarar


11. juli1938StockholmEngelbrekt22. september186611. juli1938svenskTunaMedelpadLapplandsStockholmParisLondonPaul GauguinsymbolistiskekspressivemodernismenLeander EngströmGävle





















Helmer Osslund

Jonas Helmer Osslund - from Svenskt Porträttgalleri XX.png

Fødd
22. september 1866
Q10706260
Død

11. juli 1938
Stockholm, Engelbrekt


Yrke
kunstmålar

Helmer Osslund på Commons




Hösten





Vårafton bakom Kiruna





Sommarlandskap från Nordingrå


Jonas Helmer Osslund, opphavleg Åslund, (22. september 1866–11. juli 1938) var ein svensk målar frå Tuna i Medelpad. Han er særleg kjend for sine verk prega av hans møte med Lapplands fjellmassiv og dei storslåtte villmarksviddene i flammande haustfargar. Desse bileta danna grunnen for Osslund sitt ry som "Norrlands konstnärlige upptäckare".[1]




Innhaldsliste






  • 1 Liv og gjerning


  • 2 Notar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Liv og gjerning |


Helmer Åslund fór som ung til USA for å verte ingeniør. Der endra han etternamn til Osslund. 21 år gammal byrja han måle og var tida 1889-94 tilsett som dekoratør ved Gustavbergs porslinsfabrik ved Stockholm. Fabrikken kosta i 1890 på han ei studiereise til Paris og London. Han byrja så å studere målarkunst ved Académie Colarossi i Paris våren 1894. Han var den einaste svensken som studerte hos Paul Gauguin, og tok etter franskmannen sitt symbolistisk samla syn på fargar og form, noko Osslund nytta i sine landskaps- og portrettmåleri, samt modellstudiar. Heimkomen i Sverige voks fram den dynamisk uttrykksfulle landskapskunsten som vart kjennemerket hans.


Det var først i 1898 han byrja måle norrlendsk natur. Osslund oppheldt seg då fleire månader på målarvandringar i de norrlendske øydemarkane, turar som han gjentok ofte dei neste tiåra. Gauguin hadde lært han å måle på smørpapir, noko som var billegare og lettare å handtere enn vanleg lerret når han var på vandring.


Hans ekspressive måleri ligg nær modernismen og kom til å påverke mellom andre Leander Engström, ikkje minst etter den unge Engström i 1907 fekk fylgje med Osslund på ein målartur i lappmarka. Måleria Före Stormen, Midsommar Nuolja (1922) og Höstafton vid Nordingrå er døme på Osslund sin kunst. Lenge var han oversedd, fyrst i alderdomen vart han til fulle verdsett av publikum.


Våren 1906 hadde Osslund ei stor utstilling i rådhuset i Gävle. Ein som omgåande vart interessert i Osslund sin ekspressive kunst, alle dei norrlendske haustmotiva i brennande fargar, var lærfabrikanten Emil Matton, som då kjøpte tre måleri. Året etter stilte Osslund ut på ny i Gävle og Matton bestilte då ein serie på fire måleri, kalla Årstiderna. Eitt av måleria i serien, Hösten, er i dag Osslunds mest kjende verk.



Notar |





  1. Den svenska målarkonstens historia:221




Kjelder |



  • Den svenska målarkonstens historia. 2001


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helmer Osslund





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...