Heimalanne' Innhaldsliste Historia | Medlemar | Live- og studiomedlemar | Tidlegare medlemar |...


FolkrockNorske musikkgrupperMusikkgrupper skipa i 1996





Heimalanne er ei norsk folkrock-gruppe som vart etablert i februar 1996 av Arne Bøe (song/gitar), Inge Glambek (gitar/mandolin/song) og Kjell Madsen (bass/song). Trommeslagar Thor-Inge Stokke vart med i 1997. I 2001 vart gruppa utvida med gitaristen Bjørn Tore «Bucky» Aasheim.




Innhaldsliste






  • 1 Historia


  • 2 Medlemar


  • 3 Live- og studiomedlemar


  • 4 Tidlegare medlemar


  • 5 Diskografi


    • 5.1 Singlar og EP'ar


    • 5.2 Album




  • 6 Bakgrunnsstoff





Historia |


Bandet har hatt ein del utskiftingar gjennom tidene. Inge Glambek slutta i 2005, og gruppa fortsette som kvartett til midten av 2006, då Dag Atle Håland (gitar/mandolin/song) vart med. Kjell Madsen slutta i 2006, og vart erstatta av Skjalg Kaspersen (bass/song) same år. Thor-Inge Stokke slutta i 2008 og vart erstatta av Gunnar Bergstrøm (slagverk). I dag er Arne Bøe den einaste som har vore med i gruppa frå starten.


Heimalanne' fekk platekontrakt med Bergen Records i 1999, og gav ut to CD-plater og ein vinylsingel for dette selskapet før Arne Bøe oppretta sitt eige plateselskap, Baluba Records. Til no er det utgjeve 4 vanlege CD-produksjonar med gruppa, den femte er nær ferdig (juni 2010). Dei tre første produksjonane vart innspelt i Grieghallen Studio med Pytten som produsent, seinare (og pågåande) produksjonar er innspelt i Ravnaberg Studio med Eirik Grønner som produsent.


Heimalanne' definerer seg som eit folkrock-band med påverknad frå mange ulike musikalske retningar; country, blues, rock'n roll, irsk og norsk folkemusikk, engelsk folkrock, cajun, tex-mex med meir. Gruppa spelar berre eigenkomponert materiale med tekstar skrive og framført på striledialekt. Det er Arne Bøe og Bjørn Tore Aasheim som skriv alt låtmaterialet til gruppa. Heimalanne' har toppa det populære (no nedlagte) radioprogrammet Norsktoppen to gongar (låtane «Oselvar» av Bjørn Tore Aasheim og «Tek du ein dans te» av Arne Bøe), og har elles hatt ei rekkje låtar inne på norsktopplista, og gruppa vert spelt mykje på radio. Gruppa har vore med i fleire TV-program, sist i Lyden av lørdag.


Arne Bøe fekk tildelt Medaasprisen i 2006, mellom anna for konsekvent bruk av striledialekten i tekstane sine.



Medlemar |




  • Arne Bøe - vokalist gitar


  • Dag Atle Håland - gitar mandolin vokal


  • Skjalg Kaspersen - bass vokal


  • Gunnar Bergstrøm - trommer


  • Bucky Aasheim - gitar vokal



Live- og studiomedlemar |




  • Inge Glambek - mandolin banjo gitar vokal


  • Egil Skjelnes - steelgitar


  • Dag Wolf - steelgitar


  • Gunnar Bjelland - piano orgel


  • Øystein Fosshagen - fele


  • Yyonne Algrøy - vokal



Tidlegare medlemar |




  • Kjell Madsen - bass


  • Thor-Inge Stokke - trommer



Diskografi |



Singlar og EP'ar |



  • «Sommaren e’ her» - CD-single, utgitt 15.06.2009 (Baluba Reords)

  • «Steg for steg» - CD-single, utgitt 01.02.2009 (Baluba Reords)

  • «Ingenting so eg ångra på»/«Tøffa ront i snekkå» - CD-single, utgitt 16.05.2005 (Baluba Records)

  • «Aus vatn på» - CD-EP, utgitt 06.07.2002 (Baluba Records)

  • «Bakom ein bubil» - 7’ vinyl-single, utgitt 15.06.2000 (Bergen Records AS)


I tillegg er det gjeve ut tre promo-singlar; «Anne May/Eg vil
dansa/Fiske- og vinsongen», «To si’e» og «Cruiseskip».



Album |




  • Veien videre - CD, utgjeven 03.09.2010 (Baluba Records)


  • Godt å sjå deg - CD, utgjeven 01.06.2007 (Baluba Records)


  • Natt vert te dag - CD, utgjeven 16.04.2004 (Baluba Records)


  • Mydlå udl og dongeri - CD, utgjeven 15.03.2001 (Bergen Records AS)


  • Heimalanne (album)' - CD, utgjeven 26.08.1999 (Bergen Records AS)


  • Heimalaga - demo-CD, utgjeven 1997 (Heimalanne')



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell heimeside

  • Heimalanne' på Myspace




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...