Westerschelde Innhaldsliste Westerschelde-tunnelen | Ferje | Bakgrunnsstoff | Kjelder |...


Rhinen-Maas-Schelde-deltaet


estuaretScheldeNederlandAntwerpenDeltaprosjektetdika«Alan A. Dale»BorseleZuid-BevelandTerneuzenZeeuws-VlaanderenFlushingBreskens






Plasseringa til Westerschelde




Westerschelde mellom Vlissingen og Breskens


Westerschelde er estuaret til elva Schelde sørvest i Nederland. Elva hadde ein gong fleire estuar, men desse heng ikkje lenger saman med Schelde slik at Westerschelde i dag er den einaste direkte vegen til sjøen. Westerschelde er ei viktig transportåre til hamna i Antwerpen derfor er elva, i motsetnad til fleire av dei andre greinene ikkje lukka av ei demning som ein del av Deltaprosjektet. I staden for er dika rundt elva gjort høgare og sterkare.


Mange skip har forlist i Westerschelde. I samband med ein avtale mellom Nederland og Flandern i 1995 vart mange av desse vraka fjerna for å betre tilgangen til Antwerpen. Dei siste 38 vraka vart fjerna i løpet av 2003. Det største vraket var den 131 meter lange «Alan A. Dale» som vart fjerna i juni 2003.




Innhaldsliste






  • 1 Westerschelde-tunnelen


  • 2 Ferje


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Westerschelde-tunnelen |


I midten av mars 2003 vart det opna ein 6,6 km lang tunnel under Westerschelde frå Ellewoutsdijk (Borsele kommune) i Zuid-Beveland til Terneuzen i Zeeuws-Vlaanderen. Det er den lengste tunnelen i Nederland og kostar 4,50 euro (2007) i bompengar for bilar og motorsyklar.



Ferje |


Det går ferjer mellom Flushing og Breskens. Tidlegare var dette bilferjer, men etter tunnelen opna er desse berre tilgjengeleg for passasjerar og syklistar.



Bakgrunnsstoff |



  • Ferje

  • Tunnel

  • Ferje og tunnel



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Western Scheldt» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2008.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...