Irina Korzjanenko Innhaldsliste Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


Fødde i 1974


russiskrussiskAzovValenciaVita PavlysjBirminghamSommar-OL




Irina Nikolajevna Korzjanenko (russisk: Ирина Николаевна Коржаненко) (fødd 16. mai 1974) er ein russisk tidlegare kulestøytar frå Azov. Ho vart europameister i øvinga i 2002.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Doping


    • 1.2 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Kjelder





Aktiv |


Korzjanenko vart russisk meister i kulestøyt i 1995. Ho fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1997 med ein bronsemedalje ved innandørs-VM, året etter vann ho kuletevlinga då innandørs-EM vart avvikla i Valencia. Under friidretts-EM 1998 i Budapest vann ho sølvmedaljen, men var nær to meter bakom vinnaren Vita Pavlysj. Våren 1999 vart begge desse utøvarane tekne i doping, og utestengde frå å tevle i to år.


Med eit lengstestøyt på 20,64 m vann Korzjanenko gullmedaljen under EM 2002 i München, med over ein halvmeters margin til toaren, Vita Pavlysj. Eit halvår etterpå tok ho nok eit gull, då ved innandørs-VM 2003 i Birmingham.



Doping |


Korzjanenko testa positivt på doping ved innandørs-VM 1999, der ho opphavleg vart nummer to. Dermed vart ho utestengd til våren 2001. Under Sommar-OL i 2004 tok Korzjanenko gullmedaljen i kulestøyt, men testa positivt på stanozolol og vart diskvalifisert. Ho nekta å returnere medaljen då ho hevda at ho ikkje hadde brukt stanozolol. Samstundes kritiserte ho det russiske fiidrettsforbundet for ikkje å ha gjort noko for å hjelpe henne. I september 2005 stengde Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF)) henne ute frå friidretten for all framtid.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1995 i Göteborg: Nr 12 – 17,88 m


  • OL 1996 i Atlanta: Nr 8 – 18,68 m


  • VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (17,80 m =nr 16)


  • EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 19,71 m, bakom Vita Pavlysj (21,69 m)


  • VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 19,35 m


  • EM 2002 i München: Gullmedalje – 20,64 m, framom Vita Pavlysj (20,02 m)


  • VM i 2003 i Paris: Nr 4 – 19,17 m



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Irina Nikolajewna Korschanenko» frå Wikipedia på tysk, den 25. august 2015.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...