Ostia Bakgrunnsstoff | Kjelder | Navigasjonsmeny«Ostia»41°45′N 12°18′EVIAFGND


Romerske byarItalienske hamnebyar ved MiddelhavetTidlegare hamnebyar ved MiddelhavetRuinar i ItaliaRuinar i Roma


hamnebyenRomaantikkenTiberRomabymurKeisar Claudius42Nero54keisar TrajankornPortusOstia Lido






Ruinar etter marknadsstaden i Ostia.


Ostia eller Ostia Antica ('Gamle Ostia') var hamnebyen til Roma i antikken. Byen låg ved munningen av Tiber, rundt 24 km sørvest for Roma.


Byen var opphavleg ein militærkoloni forskansa med ein bymur. Keisar Claudius byrja grunnleggja hamna her i år 42, og Nero opna henne i 54. I 100-106 blei så anlegget utvida av keisar Trajan. Ostia var særleg viktig for innførselen av korn til Roma. Det blei reist fleire lagerbygg (horrea) her, og fleire større bustadhus (insulae). På det meste kan byen ha hatt eit folketal på 50 000.


I tidleg kristen tid var Ostia framleis ganske viktig, men då Romarriket blei oppløyst og Tiber endra løp blei byen gradvis fråflytta. Han blei heilt forlaten på 800-talet, også på grunn av arabiske sjøåtak. Hamneverksemda var i stor grad flytt til Portus. I mellomalderen blei stein frå Ostia brukt til å reisa fleire nyare bygg. Ruinane som er igjen i byen er likevel arkeologisk viktige ettersom dei viser romerske nyttebygningar som i stor grad har forsvunne i andre byar.


I dag ligg Ostia om lag 5 km frå kysten. Ostia Lido er ein ny by sørvest for gamle Ostia, og er ein populær badeby som no er del av Roma.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ostia



Kjelder |



  • Sande, Siri. «Ostia» (14. februar 2009), Store norske leksikon.


  • Denne artikkelen bygger på «Ostia Antica» frå Wikipedia på bokmål, og «Ostia Antica» frå Wikipedia på engelsk den 22. juni 2014.



Koordinatar: 41°45′N 12°18′E





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...