Songen Black Tie White Noise Innhaldsliste Innhald | Medverkande | Andre utgjevingar | Andre versjonar...


Songar frå 1993Singlar frå 1993David Bowie-songarSongar om rasisme eller framandhat


David Bowiealbumet frå 1993Al B. Sure!Los AngelesRodney KingBenettonWe Are the WorldjazzsoulAl B. Sure!Lenny KravitzkameleonTin MachineMark Romaneksaksofonen














































Black Tie White Noise
Singel av David Bowie
med Al B. Sure!
frå albumet Black Tie White Noise


B-side
«You've Been Around» (Dangers Remix)

Utgjeve
juni 1993

Innspelt

Mountain Studios, Montreux; Hit Factory, New York, juni–juli 1992

Sjanger

Rock, soul

Lengd
4:10

Selskap

Arista
74321 148682

Låtskrivar(ar)
David Bowie

Produsent

Nile Rodgers

David Bowie-kronologi
«Jump They Say»
1993

Black Tie White Noise
«Miracle Goodnight»
1993




«Black Tie White Noise» er tittelsporet frå David Bowie-albumet frå 1993. Med Al B. Sure! på gjestevokal vart det gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juni 1993.


Bowie var inspirert av eit opphald i Los Angeles i april 1992, då byen opplevde raseopptøyar som reaksjon på Rodney King-hendinga. Songen er eit samandrag om det generelle temaet på albumet med kjensler mot å vere einsarta og store konsern, med Benetton og den veldedige singelen «We Are the World» blant måla. Bowie forklarte seinare at songen omhandla ei uro for den eigne identiteten til det svarte samfunnet, og at det ikkje trong å absorberast inn i det kvite samfunnet.


Songen er av dei mest jazz- og soul-aktige songane på albumet, særleg trekt fram av vokalen til Al B. Sure!, sjølv om Lenny Kravitz visstnok var førstevalet til Bowie for duetten. Det er i røynda ein moderne R&B-låt og var med på å forsterke kjensla av Bowie som ein musikalsk kameleon.


Han vart gjeven ut som den andre singelen, men var kommersielt heller skuffande og nådde berre 36. plass i Storbritannia, og gjekk ikkje inn på lista i USA i det heile, trass i ein del promotering. Publikum var kanskje forvirra over den nye musikalske retninga til Bowie og var alt skeptisk etter nedlegginga av Tin Machine og ein tidlegare lovnad om at solokarrieren hans var over.


Det vart laga ein musikkvideo for songen av Mark Romanek, med bilete av mange afroamerikanske ungdommar som leikar i det urbane Los Angeles og scenar med Bowie i ein blå dress med saksofonen sin og Al B. Sure! som syng.




Innhaldsliste






  • 1 Innhald


    • 1.1 7"-versjonen


    • 1.2 12"-versjonen


    • 1.3 CD-versjonen


    • 1.4 US Promo CD




  • 2 Medverkande


  • 3 Andre utgjevingar


  • 4 Andre versjonar


  • 5 Kjelder





Innhald |



7"-versjonen |



  1. «Black Tie White Noise» (Radio Edit) (Bowie) – 4:10

  2. «You've Been Around» (Dangers Remix) (Bowie, Gabrels) – 4:24



12"-versjonen |



  1. «Black Tie White Noise» (Extended Remix) (Bowie) – 8:12

  2. «Black Tie White Noise» (Trance Mix) (Bowie) – 7:15

  3. «Black Tie White Noise» (Album Version) (Bowie) – 4:52

  4. «Black Tie White Noise» (Club Mix) (Bowie) – 7:33

  5. «Black Tie White Noise» (Extended Urban Mix) (Bowie) – 5:32



CD-versjonen |



  1. «Black Tie White Noise» (Radio Edit) (Bowie) – 4:10

  2. «Black Tie White Noise» (Extended Remix) (Bowie) – 8:12

  3. «Black Tie White Noise» (Urban Mix) (Bowie) – 4:03

  4. «You've Been Around» (Dangers Remix) (Bowie, Gabrels) – 4:24



US Promo CD |



  1. «Black Tie White Noise» (Chr Mix 1) (Bowie) – 3:43

  2. «Black Tie White Noise» (Chr Mix 2) (Bowie) – 4:12

  3. «Black Tie White Noise» (Churban Mix) (Bowie) – 3:45

  4. «Black Tie White Noise» (Urban Mix) (Bowie) – 4:03

  5. «Black Tie White Noise» (Album edit) (Bowie) – 4:10


Spor #1-3 nyprodusert, omarrangert og miksa av Marc 'Funkyman' Paley, Raul 'DJ EFX' Recinos & Jeremy 'DJ Digit' Cowan

Spor # 2 remix og prpoduksjon av John Waddell

Track # 4 remix og prpoduksjon av Al B. Sure & Timar



Medverkande |



  • Produsentar:
    • Nile Rodgers



  • Musikarar:


    • David Bowie: Vokal


    • Al B. Sure!: Vokal


    • Nile Rodgers: Gitar


    • Barry Campbell: Bass


    • Sterling Campbell: Trommer


    • Richard Hilton: Tangentinstrument


    • Lester Bowie: Trompet


    • Reeves Gabrels: Gitar på «You've Been Around»




Andre utgjevingar |


  • På bonusdisken som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise er miksane «3rd Floor US Radio Mix» og «Here Come Da Jazz» med.


Andre versjonar |



  • The Rockridge Synthesiser Orkester - Plays David Bowie Classic Trax


Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Black Tie White Noise (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Black Tie White Noise Limited Edition DVD, 2004

  • Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5






Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...