Alfred Yego Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1986Kenyanske mellomdistanseløpararKenyanske deltakarar under sommar-OL 2008


kenyanskfriidrettsutøvarEldoretMauritiusOsakaStorbritanniaMbulaeni MulaudziBahrainRietiItaliaDavid RudishaNairobi
























Alfred Yego

Alfred Yego Daegu 2011.jpg

Statsborgarskap Kenya
Fødd
28. november 1986
Eldoret
Idrett
friidrett
Yrke
mellomdistanseløper, friidrettsutøvar

Alfred Kirwa Yego (fødd 28. november 1986) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Eldoret som i 2007 vart verdsmeister på 800 meter og vann OL-bronse 2008 og VM-sølv 2009 på same distansen.



Aktiv |


Yego vart nummer tre på 800 m i afrikameisterskapen 2006 på Mauritius. Året etter vann han distansen under verdsmeisterskapen i Osaka, der han etter eit regelrett «lureløp» sikra seg gullmedaljen 0,01 sekund framom Gary Reed frå Storbritannia, med alle dei andre finalistane innafor eit halvt sekund bak. I dei olympiske sommarleikane 2008 tok Yego bronsemedaljen på 800 m, 0,12 og 0,17 sekund bak gull- og sølvvinnarane. Nokre veker etter OL spurta han inn til siger i IAAF-finalen på svake 1.49,05.


Nett som i forrige VM vart 800-meteren i Berlin 2009 avslutta med ein forrykande spurt der det stod om hundredelar, ja tusendelar i medaljestriden. Sørafrikanaren Mbulaeni Mulaudzi sikra seg gullmedaljen med 1.45,29, medan Yego og Yusuf Saad Kamel, kenyanar som representerte Bahrain, fekk same tid 1.45,35, men der Yego vart tildelt sølvmedaljen og Kamel bronsen. To veker etter Berlin-VM, den 6. september i Rieti i Italia, sette Yegos landsmann David Rudisha afrikansk rekord på 800 m med 1.42,01, Yego på andreplassen gjorde sjølv sitt livs beste 800-meterløp då han fekk notert 1.42,67.


Ved afrikameisterskapen 2010 i Nairobi kom Yego på andreplass, heile to sekundar bak suverene David Rudisha.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i forsøka (1.48,72 =nr 30)


  • VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 1.47,09, framom Gary Reed (1.47,10)


  • OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje – 1.44,82


  • VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 1.45,35, bakom Mbulaeni Mulaudzi (1.45,29)


  • VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 1.45,83



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Alfred Kirwa Yego» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2018.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...