Nornefeltet Satellittfelt | Bakgrunnsstoff | Kjelder | Navigasjonsmeny66°1′N 8°4′E66°1′N...


Norske olje- og gassfelt


StatoilEni Norgeolje-gassfeltkontinentalsokkelHelgelandnornenenorrøn mytologi19971986HeidrunfeltetsandsteinjuratidaturrettankskiprøyrleidningÅsgard transportKårstøDornumTysklandBalderGraneGlitneSleipner VestSleipner AustVargVolveYmeHodValhallBlaneGydaUlaEldfiskEddaEkofiskTor



















































Nornefeltet
Norne, Norskehavet (27944885384).jpg
Informasjon
Operatør

Statoil
Produksjon

Olje og gass
Tilknytt terminal

Kårstø
Funnår

Oppstart
6. november 1997
Geografi og geologi
Plassering

Norskehavet, Sklinnabanken, blokkene 6608/10 og 6608/11
Koordinatar

66°1′N 8°4′EKoordinatar: 66°1′N 8°4′E



Havdjupne
380 m
Reservoardjupne
2500 m
Reservoarbergart

Sandstein frå juratida
Rettshavarar

Petoro 54 %

Statoil 39,1 %
Eni Norge 6,9 %



Nornefeltet er eit stort olje- og gassfelt på midtnorsk kontinentalsokkel, utanfor Helgeland. Det er kalla opp etter nornene, lagnadsgudinner frå norrøn mytologi. Nornefeltet vart sett i produksjon den 6. november 1997 og lisensen til feltet vart tildelt i 1986 for blokkene 6608/10 og 6608/11. Norne ligg 85 km frå Heidrunfeltet.


Reservoaret ligg på 380 meters havdjup og 2500 meter under havbotn. Reservoaret består av sandstein som høyrer til formasjonane Åre, Tilje, Tofte, Ile, Not og Garn, avsett tidleg i juratida mellom 200 og 170 millionar år sidan.


Produksjons- og lasteskipet Norne vert nytta fast på feltet og er tilknytt brønnramme på havbotn. Fleksible stigerøyr går frå skipet til reservoaret. Sjølve skipet Norne dreiar rundt ein sylinderforma turret som er ankra fast på botn. Slik kan skipe alltid ligge med baugen mot vinden. Skipet har prosessanlegg på dekk og lagertankar for olje. Olja vert lasta på tankskip og transportert til marknaden. Olja vert produsert ved hjelp av vassinjeksjon. Det har vorte eksportert gass frå Norne sidan februar 2001 Gassinjeksjonen vart avslutta i 2005 og all gass vert no eksportert.


Gasseksporten tok til i februar 2001 og skjer via ei eiga røyrleidning, Norne gasseksport, til Åsgard og vidare i Åsgard transport til Kårstø og frå her vidare til kontinentet. Ilandføringsstaden for gassen er i Dornum i Tyskland, om lag 1400 km frå Kårstø.



Satellittfelt |


Fleire felt er knytt til Nornefeltet, og har forlenga levetida til Norne frå om lag 2016 til 2021. Desse er:



  • Alvefeltet


  • Urdfeltet

    • Stær

    • Svale





Bakgrunnsstoff |



  • Oljedirektoratet faktasider

  • Fakta om Norne på statoil.com

  • Norne i Aftenbladet sitt interaktive sokkelkart



Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Nornefeltet» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2009.


  • Fakta om Norne på statoil.com


















Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...