Hartmut Briesenick Innhaldsliste Aktiv | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1949Døde i 2013Tyske kulestøytararEuropameistrar i friidrettOlympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-TysklandMedaljevinnarar under sommar-OL 1972Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972


8. mars2013Luckenwalde17. mars19498. mars2013tyskfriidrettsutøvarLuckenwaldeBrandenburgAust-TysklandOLMünchenStockholmAust-BerlinTorinoItaliaNoregRomaniaMoskvaPolskeWładysław KomarEM-gullRoma





















Hartmut Briesenick

Bundesarchiv Bild 183-G0908-0015-001, Hartmut Briesenick.jpg

Fødd
17. mars 1949
Luckenwalde
Død

8. mars 2013
Luckenwalde


Yrke
friidrettsutøvar

Hartmut Briesenick på Commons

Hartmut Briesenick (17. mars 1949–8. mars 2013) var ein tysk friidrettsutøvar frå Luckenwalde i forbundslandet Brandenburg. Han tevla i kulestøyt, der han representerte Aust-Tyskland. Briesenick vart europameister i kulestøyt i 1971 og 1974, samt vinnar av bronsemedaljen under OL i München 1972. Hans personlege rekord i øvinga var på 21,67 meter.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Kjelder


  • 3 Bakgrunnsstoff





Aktiv |


Briesenick vart austtysk meister i kulestøyt 1970, 1971, 1973 og 1974. Allereie i 1970 fekk han notert 20,55 m, då han på seinsommaren i Stockholm vann kule-tevlinga under finalen Europacupen for landslag med ein meters margin til andremann. Resultatet var det beste i Europa det året, ni centimeter bak den årsgamle europarekorden til landsmannen Hans-Peter Gies.


I juni 1971 tok Briesenick over europarekorden, fyrst då han 6. juni nådde 20,69 m i Aust-Berlin. Seks dagar seinare støytte han så kula 21,00 meter i Torino, under ein fire-landskamp mellom Italia, Aust-Tyskland, Noreg og Romania. Den 13. august forbetra han rekorden enno ein gong, til 21,08 m, då han vann EM-gull med stor margin til landsmannen Heinz-Joachim Rothenburg. Denne europarekorden stod berre i femten dagar, til nettopp Rothenburg presterte 21,12 m under ein tre-landskamp i Moskva.


Briesenick tok tilbake europarekorden 25. august 1972. Han støytte kula 21,54 m og var største favoritten til å vinne gull i kule-tevlinga under dei tilstundande leikane i München. Den 9. september var det klart for olympisk finale, som utvikla seg til ei svært tett og spennande tevling. Polske Władysław Komar slo til med polsk rekord i fyrste omgang; 21,18 m. Ingen av konkurrentane makta å overgå han, George Woods frå USA hamna ein centimeter bak, medan Briesenick fekk bronse med 21,14 m, same lengda oppnådde hans landsmann Gies, som måtte gå medaljelaus frå tevlinga.


Briesinick forbetra europarekorden sin til 21,67 m i 1973. Året etter støytte han som lengst 20,77 m, men lukkast likevel å vinne EM-gull i Roma med 20,50 meter.


Åra 1970-72 vann Briesenick tre år på rad gullmedaljen i kulestøyt under der europeiske innandørsmeisterskapen. Han slutta som aktiv utøvar i 1978, og arbeidde deretter som trenar i SC Dynamo Berlin. Etter DDR-staten gjekk i oppløysing, var han tilsett i firma som laga sportsutstyr.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 1971 i Helsingfors: Gullmedalje - 21,08 m, framom Heinz-Joachim Rothenburg (20,47 m)


  • OL 1972 i München: Bronsemedalje - 21,14 m, framom Hans-Peter Gies (21,14 m)


  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 20,50 m, framom Ralf Reichenbach frå Vest-Tykland (20,38 m)



Kjelder |



  • Friidrott-71, Friidrott-72 , Friidrott-73 og Friidrott-75. Hälsingborg.


  • Denne artikkelen bygger på «Hartmut Briesenick» frå Wikipedia på tysk, den 20. august 2013.



Bakgrunnsstoff |



  • IAAF-profil



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...