Fani Khalkia Innhaldsliste Kjelder | Navigasjonsmeny


Fødde i 1979Greske friidrettutøvararOlympiske meistrar for HellasHekkeløparar


greskLarisaAten




Fani Khalkia (gresk: Φανή Χαλκιά) (fødd 2. februar 1979) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Larisa som tevla i hekkeløp. Ho vart olympisk meister på 400 meter hekk i 2004, og tok sølvmedaljen i same øvinga under EM 2006.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


  • 2 Doping


  • 3 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap


  • 4 Kjelder





Aktiv |


Før 2004 hadde Khalkia ein personleg rekord på 400 m hekk på 56,40 sekundar. Gjennom OL-sesongen hadde ho enorm framgong i øvinga, og i semifinalen under sjølve Sommar-OL i Aten sette ho ny olympisk rekord med tida 52,77. I finalen fekk Khalkia notert 52,82, noko som heldt til ein klar siger.


To år seinare tok Khalkia bronsemedaljen under friidretts-EM 2006 med tida 54,02. Ho deltok også under VM 2007, der ho vart utslått i semifinalane.



Doping |


I 2008 avla Khalkia positiv dopingtest på ein treningsleir framfor Sommar-OL i Kina. Ho kom
aldri tilbake i internasjonal friidrett.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • OL 2004 i Athen: Gullmedalje – 52,82, framom Ionela Târlea (53,38)


  • EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 54,02, bakom Jevgenija Isakova (53,93)


  • VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (56,58 =nr 22)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Fani Chalkia» frå Wikipedia på tysk, den 18. august 2015.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...