Hammarmyrene Innhaldsliste Drenering | Delvis reetablering | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Myrområde i IrakEufratMiljøproblem i IrakTigrisShatt al-Arab


våtmarksområdeIrakTigris-Eufrat-systemetDei mesopotamiske sumpeneHawizehQurnamyreneNasiriyahBasraEufratHaur al-HammarTigrisQurnamyreneVest-Qurnah-feltetden iransk-irakiske krigenAl-Basrah-kanalenPersiabuktaSaddam Hussein1991-opprøraden amerikanske invasjonen av Irak i 2003




Koordinatar: 30°50′40″N 46°53′20″E
















Hammarmyrene
våtmarksområde
Land

Flag of Iraq.svg Irak

Koordinatar

30°50′40″N 46°53′20″E





Iraq physical map.svg

Locator Red.svg




Hammarmyrene er eit stort våtmarksområde i Irak og ein del av Tigris-Eufrat-systemet i Dei mesopotamiske sumpene. Desse omfattar òg Hawizeh og Qurnamyrene. Hammarmyrene dekte tidlegare eit område på 2 800 km² med permanent våtmark og til somme tider av året dekte dei 4 500 km². I 1990-åra vart dei derimot nesten heilt øydelagde av dreneringsprojekt, men har i nyare tid vorte til dels gjenoppretta.


Hammarmyrene strekte seg mellom Nasiriyah og Basra og låg sør for elva Eufrat, som var hovudvasskjelda. Midt i området låg den store Haur al-Hammar, den største innsjøen i den nedre delen av Eufrat.[1] I tillegg kom vatn frå Tigris inn i systemet via Qurnamyrene.




Innhaldsliste






  • 1 Drenering


  • 2 Delvis reetablering


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Drenering |


Seint i 1970-åra vart det rapportert at delar av myrområda vart drenerte. Dear av Haur Aluwez hadde blitt avstengd av dike og drenert for at ein kunne leite etter olje.[2] Deretter vart nordlege og vestlege delar av Haur al-Hammar drenert for å utvikle Vest-Qurnah-feltet. Under den iransk-irakiske krigen vart den sørlege delen av Haur al-Hammar knytt til Al-Basrah-kanalen og så til Persiabukta, noko som auka saltnivået i våtmarksområdet.[2]


Den største skaden skjedde tidleg i 1990-åra, då styresmaktene under Saddam Hussein gjorde fleire øydeleggjande dreneringsprosjekt, dels som hemn for 1991-opprøra. Rapportar indikerte at straumen frå Eufrat vart leia inn i Den tredje eva, ein stor dreneringskanal.[3] Innan 2002 var Hammarmyrene og Haur al-Hammar heilt borte.



Delvis reetablering |


Etter den amerikanske invasjonen av Irak i 2003, vart jordvollar og dreneringsverk øydelagde og myrområdet vart igjen fylt med vatn. I åra etter har vegetasjonen teke seg kraftig opp att i vestlege delar av Hammarmyrene, og dei austlege delane er fylt med vatn.[4] Reetableringa av våtmarksområdet har skjedd langt raskare enn venta, men det er framleis langsiktig fare for naturen i området på grunn av forureining og uthenting av vatn frå Eufrat.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Hammar Marshes» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2018.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. The Physical Characteristics of the Mesopotamian Marshlands, edenagain.org


  2. 2,02,1 Scott, D. A Directory of Wetlands in the Middle East, earthscape.org


  3. Haur al-Hammar, birdlife.org


  4. Iraq Marshlands Restoration Program, iraqmarshes.org







Bakgrunnsstoff |



  • Hawr al-Hammar Gallery, edenagain.org



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...