Sørsamisk syntaks Innhaldsliste Nominalfraser | Pre- og postposisjonsfraser | Verbalfraser |...


Sørsamisk språkSyntaks


sørsamisksamiske språkuralske språkattributtformartikkelen om sørsamisk morfologinordsamiskillativgenitivakkusativnominativfleirtalnordsamiskgenitiveintalfinskpartitivungarskpostposisjonarpreposisjonargenitivillativinessivelativadverbiale kasusaakkusativnominativSOVfinitthjelpeverbinfinitthovudverbsamiskeaustersjøfinske språkatempussystemnordgermanske språka




Sørsamisk syntaks, eller setningslære, er læra om korleis sørsamisk set ordformer saman til større strukturar. Det er denne delen av sørsamisk grammatikk som skil seg mest frå det vi finn i dei andre samiske språk.




Innhaldsliste






  • 1 Nominalfraser


  • 2 Pre- og postposisjonsfraser


  • 3 Verbalfraser


    • 3.1 Verb og objekt


    • 3.2 Komplekse verbal




  • 4 Subjektslause setningar


  • 5 Litteratur





Nominalfraser |


Som i dei fleste uralske språk, er sørsamiske nominalfraser av typen (Determinativ) - (Kvantor) - (Adjektiv) - Substantiv. Som i alle samiske språk har adjektivet ei eiga attributtform når det står i same frase som eit substantiv (jf. artikkelen om sørsamisk morfologi).


Determinativa kongruerer med substantivet i kasus. På same måten som i t.d. nordsamisk er kongruensen redusert samanlikna med bruken av dei same pronomena aleine. Sørsamisk skil seg likevel frå nordsamisk med at kongruensen er redusert berre for ei form, nemleg illativ, der determinativen er identisk med genitiv i eintal, og med akkusativ i fleirtal. Jf. "det huset" i alle kasus:















































Kasus Eintal Fleirtal
Nom. daate gåetie daah gåetieh
Akk daam gåetiem daejtie gåetide
Gen. daan gåetien daaj gåetiej
Ill.
daan gåatan

daejtie gåetide
Ine daennie gåetesne daejnie gåetine
Ela. daehtie gåeteste daejstie gåetijste
Kom. daejnie gåetine daaj gåetiegujmie
Essiv daennie gåetine

Til skilnad frå andre uralske språk står sørsamiske substantiv i fleirtal etter kvantorar. På sørsamisk heiter det såleis gøøkte niejth «to jenter» (der niejth er nominativ fleirtal. I andre uralske språk står substantivet i eintal, og kasus er bestemt av kvantoren. På nordsamisk heiter det guokte nieidda (genitiv eintal), på finsk kaksi tyttöä (partitiv eintal), og i ungarsk kettő lány (nominativ eintal).



Pre- og postposisjonsfraser |


Sørsamisk har, som alle uralske språk, postposisjonar, nokre av desse postposisjonane kan også vere preposisjonar. Postposisjonane tar komplementa sine i genitiv, og dei kan sjølv bøyast i kasus. Jf. desse setningane (Bergsland 1980 s. 64), der roehtsen er genitiv av roehtse «rot», og nualan, nuelesne, nueleste er illativ‚ inessiv og elativ-formene av postposisjonen «under».



  • Riepie roehtsen nualan goegkerdi / R. roehtsen nuelesne guarjesji / R. roehtsen nueleste goegkerdi

  • Reven kraup inn under rota / R. låg under rota / Reven kraup fram frå under rota


Nokre postposisjonar, som sisnie «i», kan berre bøyast i dei adverbiale kasusa, andre kan bøyast i fleire.


Postposisjonsfrasene minnar om substantivfraser (som også har ei genitivfrase framfor seg, men postposisjonsfrasene kan ikkje bli modifisert av adjektiv på den måten substantivfraser kan.


Når dei kombinerte pre- og postposisjonane opptrer som preposisjonar, i preposisjonsfraser, tar dei komplementa sine i akkusativ eller (i fleirtal også) nominativ, fordelinga av nomininativ og akkusativ følgjer dei same reglane som for objektet til verb. Preposisjonar er t.d. rastah «tvers over», allkesth «langs etter», lihke attmed. Nokre preposisjonar, som bijre, har ulik tyding alt etter om dei er pre- eller postposisjonar: Som preposisjon tyder bijre «rundt», som postposisjon tyder det «om» (saemiej bijre «om samane»).



Verbalfraser |



Verb og objekt |


I sørsamisk står objektet i akkusativ viss det er eintalsobjekt. Viss det er eit fleirtalsobjekt, står det i akkusativ når det referer til noko kjent og/eller avgrensa, og i nominativ når det referer til noko ukjent og/eller uavgrensa. Ordstillinga i sørsamisk er SOV, dvs. objektet står framfor verbet. Viss det er fleire verb (finitt hjelpeverb pluss infinitt hovudverb, er ordstillinga SHOV (subjekt - hjelpeverb - objekt - verb)


  • (døme: SOV, SHOV)


Komplekse verbal |


Det sørsamiske verbalsystemet har, som dei andre samiske og austersjøfinske språka, eit tempussystem tilsvarande systemet i dei nordgermanske språka.




  • Manne båatam "Eg kjem"


  • Manne böötim "Eg kom"


  • Manne leam båateme Eg har komme


  • Manne lim båateme "Eg hadde komme"



Subjektslause setningar |


Sørsamisk har ikkje formelle subjekt av den typen vi har i norsk, verken det regnar eller Det kom ein mann i går. Tilsvarande setningar er utan subjekt på sørsamisk. Viss verbet står i første eller andre person, kan subjektet bli utelate.



Litteratur |



  • Bergsland, Knut. Røroslappisk grammatikk, Et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. H. Aschehoug & co. (W.Nygaard), Oslo, 1946.

  • Bergsland, Knut 1980: Sydsamisk grammatikk. Oslo: Universitetsforlaget

  • Hasselbrink, Gustav 1981: Südlappisches wörterbuch, band 1. AB Lundequistska bokhandeln, Uppsala.

  • Jonasson, David 2011: Åarjelsaemien ovagkusatijvh jïh kausatijve molsedimmie. Mastergradsoppgave i samisk språk, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Universitetet i Tromsø

  • Stenfjell, Evald 2008: Sydsamiska kausativer. C-uppsats, Umeå universitet, Umeå.


  • Trosterud, Trond 1996: Die südsamische Wortfolge als eine Kombination der deutschen und marischen Wortfolgen analysiert. Studia Uralica Upsaliensia 26:103-112. Uppsala.




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...