Lindehaugjen Navigasjonsmeny


Norske slåttar


springarVossTelemarkvandreslåttVossevangenBulkenHalldor MelandhardingfeleverketNils Gjerde




Lindehaugjen er ein springar som er spela på Voss, men som og er kjend i Telemark frå gamalt. Dette lyt reknast som ein vandreslått på grunn av det innsamla tilfanget, men ein vandreslått av ein særskild type: det er ikkje råd i dette tilfellet å finne det opphavlege området for slåtten. Namnet Lindehaugjen høyrer heime på Voss, og er ein plass på vegen mellom Vossevangen og Bulken. Det var Halldor Meland som sette dette namnet på slåtten.



Variantgruppa |


Gruppa har nr 472 i hardingfeleverket, band VI. Her er det samla fem variantar av slåtten, to frå Voss og tre frå Telemark. På Voss har slåtten vore spela i tradisjon etter Nils Gjerde eller Gjerdeguten.


  • a: Springar, etter Knut Rokne, Voss. Bjørndal Gamle Slåttar hefte III nr 8. Rokne lærte slåtten av Ivar Vossebakken og bror hans, Olav Tintrebakken, i 1866. Olav hadde slåtten frå Nils Gjerde.

  • b: Lindehaugjen, etter Kjell Midttun, Voss. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Dei to første lekkjene er etter Ola Mosafinn, resten er laga av Halldor Meland.

  • c: Springar etter Traskjen, etter Targjei Tvigyva, Lårdal i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 698). Traskjen er eit oppnamn på spelemannen Olav Napper frå Fyresdal.

  • d: Springar, etter Halvard J. Li, Bø i Telemark. Nordbø 124. Eivind Groven skreiv ut slåtten for Hardingfele etter manuskriptet til Gregar Nordbø (Slåttar og folketonar frå Bø).

  • e: Den runde slåtten, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1363, NRK magn. 595). Slåtten har dette namnet av di det er som han går i ring utan tydeleg slutt.

.







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...