Riksråd Kjelder | Navigasjonsmeny«Riksråd»


Norsk historieSvensk historieDansk historie


høgmellomalderenNoregSverigeDanmarkhandfestingar1319Magnus Erikssonden dansk-norske reformasjonen1537statskuppFredrik IIIKarl Gustav-kriganeGustav III




Riksråd var nemninga på riksorgan i høgmellomalderen i Noreg, Sverige og Danmark.
Dei utvikla seg frå tidlegare kongsråd, og blei danna av dei fremste adelsfolka og geistlege i landa. Riksråda var sjølvstendige organisasjonar som kunne velja kongar, vedta handfestingar og formynda landet om kongen var mindreårig.


Det norske riksrådet er først nemnd i ein lov frå 1302 om arv og formyndarstyre. I 1319 fekk landet eit slikt formyndarstyre då treåringen Magnus Eriksson blei vald til konge. Det norske riksrådet varte fram til den dansk-norske reformasjonen i 1537.


Det danske riksrådet blei avskaffa ved eit statskupp gjennomført av Fredrik III, etter at han hadde sikra seg kontroll over hæren under Karl Gustav-krigane. I åra fram til 1660 hadde riksrådet hatt sterk innflytnad, ettersom Fredrik III hadde måtta underskriva ei svært streng handfesting ved sitt kongeval i 1648.


Det svenske riksrådet hadde ei stormaktstid på 1600-talet, då det kom jamleg saman. Det blei oppløyst av Gustav III i 1789 då han fastsette talet på medlemmer i rådet til 0.



Kjelder |




  • Opsahl, Erik & Imsen, Steinar. «Riksråd» (30. juli 2014), Store norske leksikon.

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Riksråd» frå Wikipedia på svensk, og «Riksrådet» frå Wikipedia på bokmål den 2. november 2014.

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Sveriges riksråd» frå Wikipedia på svensk, den 2. november 2014.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...