Gråbukpetrell Skildring | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyPterodroma inexpectataVideoar,...


Nær truga artarStormfuglfamilien


pelagisksjøfuglendemiskNew ZealandflyttfuglStillehavetfiskblekksprutkrepsdyrmigrantSørøya på New ZealandFiordlandBeringhavetAlaskagolfenAleutenepattedyrCodfish IslandStewart Island/Rakiura































Gråbukpetrell

Status i verda: NT Nær truga


Gråbukpetrell på Snaresøyane Foto: Thomas Mattern
Gråbukpetrell på Snaresøyane
Foto: Thomas Mattern


Systematikk

Klasse:

Aves

Orden:

Procellariiformes

Familie:

Procellariidae
Slekt:
Pterodroma

Art:

P. inexpectata

Vitskapleg namn
Pterodroma inexpectata
J.R. Forster, 1844


Gråbukpetrell (Pterodroma inexpectata) er ein pelagisk sjøfugl og ein medlem av slekta Pterodroma-petrellar. Som hekkefugl er han endemisk til øyar i sørlege New Zealand. Han er ein sterk flyttfugl som migrerer til nordlege Stillehavet.



Skildring |


Fuglen er 33-35 cm i storleik, med 74-82 cm i vengespenn, og han veg ca. 325 gram.[1] Han har kvitt andlet med grå flekker, elles grå på hovudet og heile oversida. Undersida er kvit bortsett frå eit felt frå nedre bryst og over heile buken som er grått. Undervengen er kvit med eit diagonalt mørkt band frå vengknoken mot kroppen. Nebbet er lite og svart.[1]


Denne arten er svært pelagisk, nærmar seg sjeldan land, bortsett frå å hekke og å bringe fram føde til ungen. Gråbukpetrellar et mest fisk, med tar òg noko blekksprut og krepsdyr. Det meste av føda tar dei når dei ligg på sjøen, elles kan dei stupe frå lufta.[1] Dette er ein transekvatorial migrant, hekkar på nokre av dei mindre sørlege øyane ved Sørøya på New Zealand og i Fiordland, trekkjer til Beringhavet, og konsentrere seg i Alaskagolfen og Aleutene.


Gråbukpetrellen hekkar i hòler og steinsprekker. Dei var tidlegare meir talrike enn i dag. Populasjonen er påverka av predasjon av introduserte pattedyr. Den største hekkekolonien finst på Codfish Island ved Stewart Island/Rakiura på 3-400 000 par.[1] (1996) Estimat for totalpopulasjonen er 1,5 mill individ.



Kjelder |




  • Denne artikkelen byggjer på «Mottled Petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2012


  • BirdLife International (2012) Species factsheet: Pterodroma inexpectata. Henta frå http://www.birdlife.org den 30 mai 2012.





Referansar |





  1. 1,01,11,21,3 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005




Bakgrunnsstoff |



  • Videoar, bilete og lydopptak av gråbukpetrellar hos Internet Bird Collection



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...