Philippe Clerc Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1946Sveitsiske friidrettsutøvararSprintararEuropameistrar i friidrettSveitsiske deltakarar under sommar-OL 1972Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972


sveitsiskfriidrettsutøvarPort-ValaisZürichEM i friidrett 1969Atenfriidretts-EM 1971HelsinkisommarleikaneMünchen
















Philippe Clerc

Philippe Clerc 1970.jpg

Fødd
24. desember 1946
Port-Valais
Yrke
sprinter

Philippe Clerc (fødd 24. desember 1946) er ein sveitsisk tidlegare friidrettsutøvar frå Port-Valais, som tevla på sprintdistansane. Han vart europameister på 200 meter i 1969.



Aktiv |


Clerc vart sveitsisk meister på 200 m i 1966, ein prestasjon han gjentok i åra 1970-72. I 1967 sette han sveitsisk rekord på distansen med 20,7 sekundar, ei tid på europeisk toppnivå.


Sommaren 1969 imponerte Clerc stort og forbetra på spesialdistansen 200 m den ni år gamle europarekorden med eitt hundredels sekund til 20,3 under stemne i Zürich. Dermed var han øvste favorittsjiktet ved EM i friidrett 1969 i Aten, der han innfridde og vann på tida 20,7 sekundar. Same sesongen forbetra han elles den nasjonale 100-meterrekorden til 10,2 sekundar. For sine prestasjonar vart han kåra til årets idrettsutøvar i heimlandet.


Dei neste tre sesongane var han god for tider på 20,8, 20,8 og 20,7. Han vart nummer fem på 200 m under friidretts-EM 1971 i Helsinki, medan han med 20,82 sekundar var nær å sikre seg semifinaleplass under sommarleikane i München i 1972, men rauk ut i mellomheatet.


Clerc vart sveitsisk meister på 100 meter fem år på rad; 1968-72.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Philippe Clerc» frå Wikipedia på tysk, den 13. juni 2015.







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...