Hamar domprosti Innhaldsliste Historie | Sokn | Prestegjeld | Sjå òg | Referansar |...


Hamar bispedømmeKyrkjer i Hamar domprostiProsti i NoregHedmark fylkeSkipingar i 18641864 i Noreg


Hamar bispedømmeDen norske kyrkjaprostietHamar domkyrkjedomprostProstietHamar bispedømeHedemarken prostisoknkyrkjeleg fellesrådprestegjeld







Hamar Domkyrkje


Hamar domprosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hamar, Løten og Stange i Hedmark fylke. Sidan prostiet er knytt til Hamar domkyrkje, er prostiet leia av ein domprost.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Tidslinje




  • 2 Sokn


  • 3 Prestegjeld


  • 4 Sjå òg


  • 5 Referansar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |


Prostiet vart skipa i 1864 i samband med at Hamar bispedøme vart gjenoppretta.[1] Namnet var då Hamar stiftsprosti og prostiet bestod av Vang prestegjeld.[1] Området var skilt ut frå Hedemarken prosti.[1] Namnet vart endra frå stiftsprosti til domprosti i 1922.[1]



Tidslinje |



  • 1864 - Oppretta som Hamar stiftsprosti, bestod av Vang prestegjeld[1]

  • 1908 - Dei nyoppretta Hamar prestegjeld og Furnes prestegjeld vart del av prostiet[1]

  • 1922 - Namnet vart endra til Hamar Domprosti[1]

  • 1972 - Hedmark prosti vart lagt ned og prestegjelda Nes, Ringsaker, Brøttum, Veldre, Løten, Romedal og Stange vart innlemma i Hamar Domprosti.[2]

  • 1987 - Stange prestegjeld vert delt, Ottestad sokn vert skilt ut som Ottestad prestegjeld.[3]

  • 2007 - Ringsaker prosti vart oppretta og sokna i Ringsaker vart overført frå Hamar Domprosti til det nye prostiet.[4]



Sokn |


Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
















































Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Hamar Domkyrkje sokn
Hamar Domkyrkje
Storhamar kyrkje
Hamar
Løten sokn Løten kyrkje Løten
Ottestad sokn Ottestad kyrkje Stange
Romedal sokn Romedal kyrkje Stange
Stange sokn Stange kyrkje Stange
Tangen sokn
Tangen kyrkje på Hedmarken
Strandlykkja kapell
Stange
Vallset sokn Vallset kyrkje Stange
Vang sokn i Hamar
Vang kyrkje på Hedmarken
Øvre Vang kyrkje
Hamar


Prestegjeld |


Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Hamar Domprosti desse prestegjelda:



  • Hamar domkyrkje prestegjeld med

    • Hamar sokn (Hamar domkyrkje og Storhamar kyrkje)



  • Vang prestegjeld i Hedmark med

    • Vang sokn (Vang kyrkje og Øvre Vang kyrkje)



  • Stange prestegjeld med

    • Stange sokn

    • Tangen sokn




  • Ottestad prestegjeld med
    • Ottestad sokn



  • Romedal prestegjeld med

    • Romedal sokn

    • Vallset sokn




  • Løten prestegjeld med
    • Løten sokn



  • Nes prestegjeld på Hedmarken med
    • Nes sokn på Hedmarken



  • Furnes prestegjeld med
    • Furnes sokn



  • Veldre prestegjeld med

    • Veldre sokn

    • Brumunddal sokn




  • Ringsaker prestegjeld med

    • Ringsaker sokn

    • Åsmarka sokn




  • Brøttum prestegjeld med
    • Brøttum sokn



Sjå òg |



  • Kyrkjer i Noreg etter kommune

  • Kyrkjer i Noreg etter prosti



Referansar |




  1. 1,01,11,21,31,41,51,6 ««Hamar domprosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 12. mars 2014. 


  2. ««Hedmark prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 12. mars 2014. 


  3. ««Deling av Stange prestegjeld under Hamar domprosti, Hedmark.»». lovdata.no. 16. januar 1987. 


  4. ««Nytt prosti i Hamar bispedømme»». Hamar bispedøme - kyrkja.no. Henta 12. mars 2014. 



Bakgrunnsstoff |




  • Om Hamar Domprosti på nettstaden til Den norske kyrkja


  • Om Hamar Domprosti på nettstaden til Hamar kyrkjelege fellesråd






Koordinatar: 60°47′47″N 11°4′5″E







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...