Posietabukta Kjelder | Navigasjonsmeny42°30′N 130°55′EGeoNames


JapanhavetBukter i RusslandPrimorskij kraj


russiskPeter den store-buktaKhasanskij rajonPrimorskij krajPossietZarubinoKraskinokorvettend'AnvilleJevfimij PutiatinskonnertenfregattenConstantine PossietKrimkrigenubåtarSovjetunionenJapanslaget ved Khasansjøen




Possietabukta (russisk Залив Посьета - Zaliv Posieta) er ei bukt sørvest i Peter den store-bukta mellom nesa Suslov og Gamov. Ho strekkjer seg 31 km frå nordaust til sørvest og 33 km frå nordvest til søraust. Kystlinja, som høyrer til Khasanskij rajon i Primorskij kraj er taggete og her ligg mellom Possiet, Zarubino og Kraskino.


Mannskapet på den franske korvetten «Caprice» vitja bukta i 1852 og gav ho namnet d'Anville. To år seinare vart kystlinja kartlagd av ekspedisjonen til Jevfimij Putiatin som inkluderte skonnerten «Vostok» og fregatten «Pallas». Putiatin kalla bukta opp etter Constantine Possiet, ein av kollegaene hans. I 1855, då Krimkrigen raste som verst, vart bukta vitja av ein engelsk-fransk skvadron. I juli 1938 vart det bygd ei flystripe og ein servicestasjon for ubåtar ved bukta. Dette skapte sinne hos japanarane og sette i gang ein grensestrid mellom Sovjetunionen og Japan kalla slaget ved Khasansjøen.[1]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Posyet Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2008.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. G. Patrick March. Eastern Destiny: Russland in Asia og the North Pacific. Praeger/Greenwood, 1996. ISBN 0-275-95648-2. Side 216.






Koordinatar: 42°30′N 130°55′E





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...