Johan Nielssen Kjelder | NavigasjonsmenyNorsk kunstnerleksikonVIAFISNIKulturNav


EinskildmennFødde i 1835Døde i 1912Norske målararFolk frå Kristiansand


11. januar1912Kristiansand29. august183511. januar1912KristiansandVest-AgderLofotenKristianiaJohan Fredrik EckersbergAkademietDüsseldorfHans GuderomantikkenrealistiskWienSvinørSpangereidNasjonalmuseet for kunst, arkitektur og designAust-Europaandre verdskrigen




















Johan Nielssen

Johan Martin Nielsen.jpg

Fødd
29. august 1835
Kristiansand
Død

11. januar 1912
Kristiansand


Yrke
kunstmålar

Johan Martin Nielssen (29. august 1835–11. januar 1912) var ein norsk målar frå Kristiansand, den fyrste som skildra motiv frå kystlandskap i Vest-Agder og i Lofoten på lerret. Han «laga stillferdige og ekte småbil[ete] frå Sørlandet».


Nielssen var son til ein rik kjøpmann i Kristiansand. Han utdanna seg fyrst til agronom, før han i 1858 byrja på Tegneskolen i Kristiania. Der etter flytta han over til målarskulen til Johan Fredrik Eckersberg. Sidan reiste han til Akademiet i Düsseldorf og som andre samtidige norske målarar let han seg påverke av Hans Gude. Dei tidlege måleria til Nielssen høyrer til seinromantikken. Seinare orienterte han seg mot ei meir realistisk attgjeving av naturen. Sommaren 1870 var han på studietur til Lofoten og introduserte med det landsdelen i norsk målarkunst.


I 1873 gifta Nielssen seg med ei dotter til borgarmeisteren i Wien, noko som gav han mange oppdrag hos rike borgarar. Ekteskapet gjekk etter kvart over styr. I 1885 reiste han frå familien og såg ingen av dei att. Han flytta tilbake til Kristiansand, såra og deprimert. Nielssen henta sidan dei fleste av motiva sine i Kristiansand, Svinør, Spangereid og Kirkehavn.


Terje Strøm-Olsen gav i 2005 ut ei bok om Nielssen. Året etter arrangerte Sørlandets kunstmuseum ei stor utstilling med måleria hans. Både Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Nordnorsk kunstmuseum, Sørlandets kunstmuseum og Göteborg konstmuseum har verk av Nielssen. Mange av måleria hans enda elles som krigsbytte i Aust-Europa etter andre verdskrigen.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Johan Nielssen» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2017.





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...