Elisabeth Meyer Innhaldsliste Virke | Bakgrunn | Bibliografi | Galleri | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildkvinnerFødde i 1899Døde i 1968Norske fotografarFolk frå Tønsberg


10. juni196815. november1899Tønsberg10. juni1968norskfotografjournalistIranIndiaMahatma GandhiKemal Atatürkkong FaisalIndira NehruMahatma GandhiTønsbergKodakBerlinSchule ReimannWalter PeterhansOtto CroyJoszef PécsiBudapestAphur YongdenAlexandra David-Neels





















Elisabeth Meyer

Portrait of Elisabeth Meyer.jpg
Portrett av Elisabeth Meyer, 1924.
Foto: Ernest Rude

Fødd
15. november 1899
Tønsberg
Død

10. juni 1968


Yrke
fotograf

Elisabeth Meyer på Commons

Johanne Elisabeth Meyer (fødd 15. november 1899 i Tønsberg, død 10. juni 1968) var ein norsk fotograf og journalist. Meyer er mest kjend for det fotojournalistiske arbeidet ho gjorde under reisene sine gjennom Iran og India på 1920- og 1930-talet. Arbeida hennar inkluderer nokre av dei fyrste bileta av Mahatma Gandhi.




Innhaldsliste






  • 1 Virke


  • 2 Bakgrunn


  • 3 Bibliografi


  • 4 Galleri


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Referansar


    • 5.2 Litteratur




  • 6 Bakgrunnsstoff





Virke |


Meyer reiste på eiga hand rundt i Iran (Persia) omkring 1929, og kan ha vore den fyrste vestlege kvinna som vitja Iran på denne måten.[1] Det var totalforbod mot fotografering i Iran på denne tida; ho vart arrestert fleire gonger, men slapp unna med åtvaringar. I Tyrkia og Irak fekk ho møte dei øverste leiarane i landa, og vitja blant anna Kemal Atatürk og fekk sjå det private soverommet hans trekt i rosa silke.


I Irak intervjua ho kong Faisal i «hans palé litt utenfor Bagdad». Meyer vitja òg Syria, Mexico og Alaska. I India fekk ho i 1933 hjelp av den unge Indira Nehru til å møte den fengsla Mahatma Gandhi, og Meyer skildra møtet slik: «Enhver annen ville sett latterlig ut i det kostymet, men overfor Gandhi forstummer alt som heter kritikk. Jeg har aldri vært begeistret for ham, men – jeg er totalt omvendt. Han er et av de mest sympatiske mennesker jeg har truffet, han er virkelig en stor mann.»[1][2]



Bakgrunn |


Meyer var fødd i Tønsberg i ein velståande familie. Faren hennar gav ho eit Kodak foldekamera som ho kunne ta med på reisene sine, og det ser ut til å ha vorte starten på den profesjonelle karrieren hennar. Ho vart medlem av Oslo kameraklubb i 1932, og reiste sidan til Berlin i 1937 for å studere fotografi ved Schule Reimann. Her var ho elev av Walter Peterhans og Otto Croy. Ho jobba som assistent for Joszef Pécsi i Budapest før ho drog tilbake til Noreg, der ho oppheldt seg under krigen. Meyer leverte stoff til blant anna National Geographic, Aftenposten og A-magasinet.[2]



Bibliografi |



  • 1930 – En kvinnes ferd til Persia

  • 1933 – En kvinnes ferd gjennom India

  • 1949 – De små og store dyra våre i bilder og tekst



Galleri |




Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Meyer» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2017.


Referansar |





  1. 1,01,1 Dag og Tid 1. november 2013.


  2. 2,02,1 A-magasinet 20. september 2013.




Litteratur |



  • Elisabeth Meyer (2013). Elisabeth Meyer – rapporter fra verden 1920–1950. Preus Museum. ISBN 978-82-7547-668-3. 


Bakgrunnsstoff |



  • Biografi på Preus Museum

  • Fotoskattar frå Elisabeth Meyer på NRK.no


  • Elisabeth Meyer i Fotografregisteret




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...