Honndalstausene Innhaldsliste Medlemmar | Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyDenne...


Hornindal kommuneKultur i Sogn og FjordaneNorske folkemusikkgrupperMusikkgrupper skipa i 1983


HornindalSogn og FjordaneSpellemannprisen1989FylkeskulturprisenSogn og Fjordane fylkeskommuneLandskappleikenOL på LillehammerSissel Kyrkjebønorsk folkemusikkrunddansgamaldansfeletrekkspelgitarkontrabass




Honndalstausene er ei norsk folkemusikkgruppe frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Gruppa har gjeve ut fleire plater, og blei nominert til Spellemannprisen i 1989. Same år fekk gruppa Fylkeskulturprisen av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei kan og syne til gode resultat frå Landskappleiken. Honndalstausene er sett saman av sju kvinner, som alle kjem frå Hornindal. «Honndal» er dialektuttrykk for «Hornindal», medan «taus» er dialektuttrykk for 'kvinne'.


Fyrste gong Honndalstausene spelte saman var på ein distriktskappleik i 1983. Gruppa har spelt konsertar i Noreg og utlandet, og dei har opptredd på TV og radio ved fleire høve. Under OL på Lillehammer i 1994 spelte dei saman med Sissel Kyrkjebø.


Honndalstausene speler norsk folkemusikk med fokus på runddans og gamaldans. Alle medlemmane i gruppa spelar fele, men når dei spelar live har dei med seg gjestemusikarar som spelar instrument som trekkspel, gitar og kontrabass.




Innhaldsliste






  • 1 Medlemmar


    • 1.1 Musikarar på plateutgjevingane




  • 2 Diskografi


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Medlemmar |



  • Synnøve Hjellbakk Hole (f. 1963), i dag busett i Hellesylt

  • Gunn Sølvi Gausemel (f. 1963), i dag busett i Bærum

  • Gunnhild Sindre (f. 1964), i dag busett i Stryn

  • Marianne Tomasgård (f. 1966), i dag busett i Ski

  • Bente Tomasgård Storbakken (f. 1965), i dag busett i Krokstadelva

  • Tone Lien Dyrkorn (f. 1965), i dag busett i Oslo

  • Torunn Raftevold Rue (f, 1964), i dag busett i Flatdal



Musikarar på plateutgjevingane |



  • Arne Sigurd Haugen (gitar)

  • Martin Thue (kontrabass)

  • Emil Kroken (trekkspill)

  • Arne Sandum (kontrabass)

  • Tore Løvgreen (trekkspill)

  • Sven Nyhus (produsent)



Diskografi |




  • Gamle Nordfjord (Heilo, 2008)


  • Frie former (Heilo, 2000)


  • Strengeleik (Norsk Plateproduksjon, 1992)


  • Honndalstausene (Heilo, 1988)



Kjelder |



  • Denne artikkelen er tufta på Honndalstausene frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2014



Bakgrunnsstoff |



  • Heimeside

  • NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon

  • Profil på folkemusikk.no











Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...